Plateaktuelle Thea Hjelmeland skildrar fødsel – med morkake og det heile

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.10.2018 18:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier albumaktuelle Thea Hjelmeland, som førebels har nøydd seg med å skrive ein låt som heiter «morkake».

«Placenta» – for den talentfulle vestlandsartisten skriv på engelsk – er ei lettbeint popperle som var nesten ferdig då ho fann teksten den trengde for å få den ned på bakken. Og det var altså skildringa av ein fødsel, med morkake og det heile.

– Morkake! Vi snakkar ikkje om den! I andre kulturar er det ritual knytt til morkaka, som vert løfta opp i takksemd over eit nytt liv og glede over barnet. Eg seier «morkake», og då blir folk «uæææ». Det er deira reaksjon eg synest er spennande. «Utflod» bør vere neste singelen min, spøker Hjelmeland nøgd.

Les også: Hjelmeland lagar «Hevn»-musikk

Thea Hjelmeland fann hårbøyelen som prydar «Kulla» på Instagram. Den er laga av ein australsk kunstnar, som sende den til Noreg – For meg handlar biletet om indre demonar, korleis vi tar mange forskjellige roller samtidig som vi er same person, seier ho. Foto: Trine Hisdal / Handout

Thea Hjelmeland fann hårbøyelen som prydar «Kulla» på Instagram. Den er laga av ein australsk kunstnar, som sende den til Noreg – For meg handlar biletet om indre demonar, korleis vi tar mange forskjellige roller samtidig som vi er same person, seier ho. Foto: Trine Hisdal / Handout

Likar overraskingar

Den kritikarroste artisten kosar seg nemleg når ting blir litt urovekkjande og byr på uventa oppdagingar.

– Eg hadde lyst til å lage noko som hadde mange lag, med tekstar som ikkje nødvendigvis samsvarte med musikken. At god heilstøypt indiepop med spennande lydbilete og fine melodiar vert følgd av reaksjonen «kva sa ho no»?

Det blir det atskilleg meir av når ho fredag slepper tredjealbumet «Kulla». Der streifar ho innom ting som one night stands, forskrudde venleiksideal og mensen – ikkje uventa for ein som bad Jenny Hval vere tekstkonsulent.

– Det er tema som eg synest er spennande å setje lys på og skrive om. Reine kroppsfunksjonar blir sett på som ekle, vi føler avsky for viktige funksjonar som menstruasjon og fødsel. Det er ein del av kvardagen vår som vi ikkje vil vedkjenne oss, seier Thea Hjelmeland til NTB.

Les også: Gjev ut bok om mensen

Thea Hjelmeland er klar med plata «Kulla» – der ho brukte dryge skildringar med humor i tekstar følgt av melodiøs, dansbar indiepop. Foto: Trine Hisdal / Handout

Thea Hjelmeland er klar med plata «Kulla» – der ho brukte dryge skildringar med humor i tekstar følgt av melodiøs, dansbar indiepop. Foto: Trine Hisdal / Handout

– Vanskeleg å provosere

Ho blei fascinert då ho merka det var funksjonar ved sin eigen kropp ho syntest var ekkelt. Det tok ho med seg inn i kunsten, som ho seier til alle tider har hatt til oppgåve å provosere.

– Men i dag er det vanskeleg. Lite er skamlagt i vår tid. Eg likar følelsen av å kjenne på at eg ikkje har lyst til å tenkje på noko, at eg heller vil flykte. Då prøver eg å gå inn i det. For eg kan ikkje flykte frå følelsane mine, då vil dei berre vekse.

– Det er som fingeren på den varme kokeplata?

– Ja! Når eg går over ei bru tenkjer eg «kva om eg hiv telefonen i vatnet», og må minne meg kvar gong om at det må eg ikkje gjere. Eller at eg ikkje må knuse glaset i brannvarslararen!

 

Ville ut av sorga

Førre album, Spellemannsvinneren «Solar Plexus» frå 2014, baud på tekstane som Thea Hjelmeland skreiv då ho var høggravid og fekk beskjed om at kjærasten var alvorleg sjuk og berre hadde kort tid igjen å leve.

Tekstane var fiktive, men blei likevel blei prega av brotstykke av hennar eiga personlege historie.

– Då eg turnerte etter plateutgjevinga, blei det som å bere sorga litt ekstra lenge, seier ho og forklarer korleis ho tenkte då neste plate skulle bli til: «kva er lystbetont, kva vil gi meg energi og få meg til å ha lyst til å gå på jobb?», seier ho og erklærer:

– Eg laga denne plata for å gjere meg sjølv glad. Eg har ein ganske dryg humor, og er glad i at ting er på kanten. Eg blir heller aldri flau. Eg måtte bruke humoren då eg skreiv det. Det ligg mykje humor i berre å seie korleis ting er – som fødselsforløpet i «Placenta».

2014 var Thea sitt år. Ho fekk Spellemannsprisen for plata «Solar Plexus» der ein finn singelen «FEATHERY»:

– Må vi snakke om dette

– Kva slags reaksjonar forventar du for dei nye songane?

– Dei aller fleste vil tenkje «må vi snakke om dette?». Eg har lyst til at folk skal vere med og syngje – og kanskje ta seg i det og innsjå at dei ikkje har lyst likevel. Tvil er veldig spennande, smiler ho.

På slutten av turnéperioden etter «Solar Plexus» skadde ho skuldra. Dermed kunne ho ikkje spele strengeinstrument. I staden fann ho fram synthen – og hamna i eit heilt anna lydlandskap. Ho jobba med rytmar, sampla si eiga stemme, skrudde i veg. Dermed blei «Kulla» også musikk å danse til.

– Det eg tenkte var heilt krise, blei i staden min største fordel. Det har skjedd før i arbeidet mitt: At mi eiga avgrensing har ført til noko betre. Eg er veldig løysingsorientert, god til å sjå dei gode tinga i situasjonen. Det er ein muskel eg har trent opp, med det eg har vore igjennom.

Les også: – Song er like viktig for helsa som kosthald og trening

Dagsavisen kallar Thea Hjelmeland si tredje plate ein «dramatisk poptriumf». Foto: Foto: Linn Stokkedal / Handout

Dagsavisen kallar Thea Hjelmeland si tredje plate ein «dramatisk poptriumf». Foto: Foto: Linn Stokkedal / Handout

Stressterapi

Sjølv brukar Thea Hjelmeland musikk som terapi når ho er uroleg eller kaos rår.

– Har eg ikkje funne ord for det eg føler og tenkjer, har eg berre sunge lydar. Der andre tar seg ein joggetur for å få ut stress, syng eller spelar eg det ut.

Ettertenksamt påpeiker ho korleis «hennar nye musikk» – som ho har produsert saman med Jørgen Træen – eigentleg ikkje er ny:

– Då eg var 18 år, laga eg ein låt som er bonusspor på mi første plate, og veldig lik utgangspunktet for «Kulla». Eg har gått tilbake til det som var eit primæruttrykk for meg då eg som tenåring leikte meg med musikken. Eg fann att noko i meg som eg hadde gløymt, av den impulsive, veldig humoristiske måten å leike fram musikk på. Det følast veldig riktig i dag.

Les også: Stjernekamp-Ella: Å skrive musikk vart hjelp mot depresjonen