3. september 2021 vert det nytt klimabrøl
Ti dagar før stortingsvalet skal nordmenn brøle for å få politikarane til å gå til val på knalltøff klimapolitikk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I Klimabrølet 2021, skal vi vise politikarane at endå fleire står samla i kampen for klima, seier leiar i Klimabrølet, Even Rydningen, i ei pressemelding.
Fredag 30. august 2019 brølte fleire titals tusen for klimaet framfor Stortinget og fleire andre stader i Noreg. Klimabrølet har sett avtrykk i språket og vart kåra til årets nyord i fjor.
Brølar før stortinggsvalet
Måndag 15. juni var Klimabrølet på nytt på Eidsvollsplass med kamera og pc-skjermar for å lansera Klimabrølet 2021, som vert arrangert 3. september 2021.
Det er ti dagar før stortingsvalet 13. september.
– Me lovar for å gjere alt i vår makt for å gjere at de som set klima og miljøsaka først skal få støtte. Kjære politikar, bruk tida no til å utforme knalltøff klimapolitikk og gå til val på denne, sa Rydningen via Zoom.
Årets frivillige organisasjon 2020
No får stiftinga Klimabrølet Oslo Miljøpris for årets frivillige organisasjon 2020, for sin ekstraordinære innsats for ein grønare hovudstad.
Juryen meinte Klimabrølet har skapt store ringverknadar og bidrege med glede og entusiasme inn i klimakampen.
Initiativtakar og frontfigur Even Rydningen set pris på heideren.
– Det er tydeleg at brølet vart høyrt. Eg vil rette ein stor takk til alle som møtte opp og viste si støtte, og dei godt over hundre frivillige som gjorde dette mogleg. Diverre er jobben langt i frå over. Vi må fortsetje å visa politikarane at vi er samla i vår tids viktigaste sak, seier Rydningen i pressemeldinga.
Klimaåret 2019
Frå Klimabrølet 2019 vart lansert i byrjinga i året og fram til den store finalen stilte Even Rydningen opp framfor Stortinget for å brøla stort sett kvar dag klokka 12.00.
Les også: Even brølar for klima kvar dag klokka 12.00: – Brøling er den nye normalen