«Viss det faktisk eksisterte så mange unge skeive, kunne vel eg også vere skeiv»

Ragnhild, skeiv sogn- og fjording
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ragnhild vil vera anonym av frykt for trakassering og hets, men Framtida kjenner identiteten hennar.

I fjor var eg på min første og hittil einaste pirde-feiring, som også var den fyste i Sogn og Fjordane, nemleg SoFjo PRIDE 2019. Litt av grunnen til at eg ikkje har vore på fleire feiringar, er at eg tok tid til å bli sikker på identiteten min.

Skeiv nettkvardag

Eg har vakse opp i ei bygd i Sogn og Fjordane, med ingen skeive eg visste om rundt meg. Eg visste at skeive folk eksisterte, og at kanskje nokon i klassen min ein dag langt i framtida ville komme ut som skeiv, men eg trudde aldri at eg sjølv kunne vere det.

Dei tankane kom først då eg byrja å følgje ukjente, og skeive, folk på sosiale medium. Skeiv tematikk vart ein større del av nett-kvardagen min, og eg følgde fleire bloggar for å lære meir – eg ville jo vere ein god alliert.

I slutten av 10. klasse kom eg til ein konklusjon; viss det faktisk eksisterte så mange unge skeive, kunne vel eg også vere skeiv.

Forvirra og fri

Kvar dag i løpet av vidaregåande gjorde lesinga meg sikrare på at eg var skeiv.

Spørsmålet vart då kva nøyaktig eg var. Homofil, bifil, transkjønna og aromantisk var alle ting eg las om, men det var ikkje før eg vart venar med dei andre skeive på skulen at eg til slutt fant svaret.

Med dei kunne eg vere heilt open om forvirringa, usikkerheita og frustrasjonen min

Med dei kunne eg vere heilt open om forvirringa, usikkerheita og frustrasjonen min kring skeivheit, og framleis bli møtt med forståing. Det var friande å vite at eg ikkje var åleine.

No veit eg at viss eg ikkje hadde lese om opplevingane til dei skeive eg følgde på nett og difor aldri komme i kontakt med dei på skulen, hadde eg vore mykje meir åleine då eg skulle finne meg sjølv.

Denne helga er det Pride-paradar både på Stord og i Trondheim. Foto: Kelly Bell photography, Flickr CC-commons

Denne helga er det Pride-paradar både på Stord og i Trondheim. Foto: Kelly Bell photography, Flickr CC-commons

Fryktar trakassering og hets

Denne støtta hjelpe meg ofte, også når eg sette meg ned for å skrive dette innlegget. Eg vart bekymra for reaksjonane eg kunne få frå dei som ikkje aksepterer eller respekterer skeive – trakassering, hets og anna.

I dette innlegget er eg åleine som mottakar av reaksjonane og moglege konsekvensar, og eg kjenner meg meir sårbar ovanfor eit ukjent tal av framande lesarar.

Eg har gode venar og allierte rundt meg som gjer meg trygg

Difor bad eg om å bli halde anonym, og til gjengjeld spurde Framtida.no om eg kunne dele med lesarane kvifor. I grunnen er det vel frykt for kva framande personar vil gjere.

I røyndomen er eg likevel ute til dei fleste eg kjenner, og eg har gode venar og allierte rundt meg som gjer meg trygg. Frykta for å vere åleine er ikkje like mektig her.

Pride på bygda

Pride er med å nedkjempe slik einsemd, som vi alle kjenner når vi ikkje kan snu oss til ein forståande. Det visar til andre skeive at dei ikkje er åleine, at dei har ein trygg plass å komme til.

Pride skapar ein openheit der vi kan møte kvarandre, snakke fritt om identitetane våre, få og gje støtte. På Pride kan også ikkje-skeive allierte vise solidaritet, spørje og lære, og på den måten blir vi ikkje så åtskilde. Spesielt på bygda, der ein ikkje har dei same samlingsplassane som i dei større byane, er det viktig med synleg-gjering og samhald.

I år blir pride digitalt i staden for møtebasert, og det er nok ein gong berre SoFjo PRIDE eg får delteke i. Det går heilt greitt for min del, fordi alle dei viktigaste komponentane ved Pride, samhald, støtte og god stemning, framleis er til stades.

Gledeleg Pride, folkens!

Baren Stonewall Inn i Christopher Street i området Greenwich Village i New York har vorte eit viktig symbol I homokampen. Foto: yosoynuts (CC BY-ND 2.0)