Nyheitsquiz: Kva fekk du med deg i veka som var?

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dersom du får alt rett her, kan du bryne deg på fleire utfordringar frå quizkvelvet!
Quiz: Nyheitsquiz veke 24
- Spørsmål 1 av 8
1.
Frå måndag av tok SJ over fleire togstrekningar frå Vy? Kva land stammar SJ frå?
Heilt rett, Sverige!
I juni i fjor vann svenske SJ anbodet om å drive togtrafikken på Dovrebanen, Rørosbanen, Raumabanen, Nordlandsbanen, Trønderbanen, Meråkerbanen og Saltenpendelen.
Måndag 8. juni starta dei opp og første tog gjekk fra Røros til Hamar 04:19.
Ikkje heilt, det er Sverige!
I juni i fjor vann svenske SJ anbodet om å drive togtrafikken på Dovrebanen, Rørosbanen, Raumabanen, Nordlandsbanen, Trønderbanen, Meråkerbanen og Saltenpendelen.
Måndag 8. juni starta dei opp og første tog gjekk fra Røros til Hamar 04:19.
- Spørsmål 2 av 8
2.
Hongkong er verdas dyraste by å bu i. Kva by kjem på andreplass?
Korrekt!
Ashgabat, hovudstaden i Turkmenistan, siglar opp på andre plass på lista grunna inflasjonen i landet.
Rangeringa er utarbeidd av amerikanske Mercer og baserer seg på kor mykje ei hushaldning lyt betale for ting som bustad, transport, mat, klede og ei rekkje andre utgifter.
Oslo ligg på 76. plass på lista.
Feil.

- Spørsmål 3 av 8
3.
Harry Potter-forfattar J.K Rowling har vore i hardt vêr denne veka. Kvifor?
Accio rett svar, sa du nok. For rett svarar du!
J.K. Rowling delte ein tekst frå The Guardian med «people who menstruate» i tittel, og skreiv «Eg er sikker på der er eit ord for dei folk. Nokon må hjelpe meg. Wumben? Wimpund? Woomud?».
Mange reagerte på at Rowling ikkje tok omsyn til transpersonar, men Rowling avviste kritikken med å peike på biologisk kjønn.
Harry Potter-skodespelar Daniel Radcliffe svara forfattaren med å skrive eit innlegg på nettsidene til LHBT+organisasjonen The Trevor Project, der han støtta transpersonar. Emma Watson tok til Twitter for å gjere det same.
Gjekk nokon nettopp bak deg, og kviskra confundo? For her er du så forvirra at du svarar feil.
J.K. Rowling delte ein tekst frå The Guardian med «people who menstruate» i tittel, og skreiv «Eg er sikker på der er eit ord for dei folk. Nokon må hjelpe meg. Wumben? Wimpund? Woomud?».
Mange reagerte på at Rowling ikkje tok omsyn til transpersonar, men Rowling avviste kritikken med å peike på biologisk kjønn.
Harry Potter-skodespelar Daniel Radcliffe svara forfattaren med å skrive eit innlegg på nettsidene til LHBT+organisasjonen The Trevor Project, der han støtta transpersonar. Emma Watson tok til Twitter for å gjere det same.
- Spørsmål 4 av 8
4.
Donald Trump har denne veka skrive under ein presidentordre som opnar for å ilegge tilsette hjå Den internasjonale straffedomstolen i Haag visumnekt og økonomiske sanksjonar. Kva lovbrot er det domstolen vil etterforske, og som gjer at Trump reagerer?
Korrekt!
I mars opna staffedomstolen etterforsking av krigsforbrytingar i Afghanistan, og det er venta at handlingane til Taliban, afghanske styresmakter og amerikanske troppar sidan mai 2003, vert granska.
Feil svar.

- Spørsmål 5 av 8
5.
Rapparen Snoop Dogg seier han for første gong skal stemme i neste val. Kvifor har han ikkje stemt før?
Jada, drop det rette svaret like its hot.
Snoop Dogg trudde han ikkje fekk lov til å stemme, fordi han har fleire lovbrot på rullebladet.
Det er ulik praksis i dei amerikanske statane, nokre stader mister ein retten til å stemme medan ein sit i fengsel og andre stader mister ein retten også ei tid etter ein er komen ut av fengsel.
– Eg har aldri i mitt liv stemt, men i år trur eg at eg skal stemme, for eg maktar ikkje sjå denne fyren (eng: punk) regjere eit år til, sa Snoop Dogg, då han gjesta radioprogrammet «Big Boy’s Neighbourhood».
I denne doggy dogg world, så slit du med å svare rett.
Snoop Dogg trudde han ikkje fekk lov til å stemme, fordi han har fleire lovbrot på rullebladet.
Det er ulik praksis i dei amerikanske statane, nokre stader mister ein retten til å stemme medan ein sit i fengsel og andre stader mister ein retten også ei tid etter ein er komen ut av fengsel.
– Eg har aldri i mitt liv stemt, men i år trur eg at eg skal stemme, for eg maktar ikkje sjå denne fyren (eng: punk) regjere eit år til, sa Snoop Dogg, då han gjesta radioprogrammet «Big Boy’s Neighbourhood».
- Spørsmål 6 av 8
6.
Denne veke kom eit potensielt svar på gåta om kven som drepte Olof Palme, dåverande statsminister i Sverige. Men kva år vart attentatet utført?
Korrekt!
Olof Palme vart skoten 28. februar 1986, då han og kona var på veg heim frå kino.
I 1989 var rusmisbrukaren Christer Petterson dømd for drapet, men han vart frifunnen få månadar seinare grunna manglande bevis og feil i etterforskinga.
Denne veka annonserte svensk politi at dei trur no avdøde Stig Engstrøm truleg er mannen som drepte Olof Palme. Han er kjend som «Skandiamannen» fordi han arbeidde i eit bygg eigd av forsikringsselskapet Skandia, og vart intervjua som åstadsvitne.
Politiet peikar på at han jobba i nærleiken, han var van med våpen, skal ha delteke i Palme-kritiske sirklar, og hadde økonomiske problem og alkoholproblem.

- Spørsmål 7 av 8
7.
Kvifor har BBC-eigde strøymetenester fjerna ein episode av kultklassikaren Fawlty Towers (norsk: Hotell i Særklasse)?
Rett svar!
Mange trudde episoden vart fjerna grunna den kjende replikken «Don’t mention the war», som vert mantraet til hotellverten Basil, når tyske gjester kjem til hotellet.
Den eigentlege grunnen skal vere at ein av dei andre karakterane, Major Gowen, har nokre replikkar med svært rasistisk innhald. Scena har vorte redigert vekk frå fleire versjonar av episoden tidlegare, og no vert versjonar som framleis har scena også teke ned.
BBC og Netflix har begge teke ned serien Little Britain denne veka, grunna blackface.
Feil svar!

- Spørsmål 8 av 8
8.
Nasjonalmuseet har opna for at åtte kunstverk, som «Skrik» og van Gogh sitt «Sjølvportrett» kan nyttast i fritt i eit kjend spel. Kva for eitt?
Rett, dette svaret er eit meisterverk!
Nasjonalmuseet har starta eit samarbeid med Nintendo-spelet Animal Crossing. No kan ein i spelet innreie huset sitt eller kle seg i mønster frå dei kjende måleria.
Eit greitt alternativ for vanlege folk som stort sett har råd til IKEA-bilete på veggen?
Dette svaret er ikkje noko meisterverk, det er feil.
Nasjonalmuseet har starta eit samarbeid med Nintendo-spelet Animal Crossing. No kan ein i spelet innreie huset sitt eller kle seg i mønster frå dei kjende måleria.
Eit greitt alternativ for vanlege folk som stort sett har råd til IKEA-bilete på veggen?
Resultat:
Vurdering:
Har du fått med deg desse?
- K-pop-fans kuppa emneknaggen #WhiteLivesMatter
- Hamako Mori (90) er verdas eldste spelyoutubar
- Kennedy (22) fekk ordboka til å endre definisjonen av «rasisme»
- New Zealand vil gi ut gratis mensenprodukt på skulen
Møt den nye Press-leiaren Lea Mariero (21): Hennar draumeoverskrift er «Donald Trump og USA har ratifisert FNs barnekonvensjon», og hennar største tidstjuv er utan tvil Toon Blast.