K-pop-fans kuppa emneknaggen #WhiteLivesMatter
Musikkentusiastane støttar Black Lives Matter-demonstrasjonane ved å drukne ut rasisme frå sosiale medium.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I snart to veker har det vore landsomfattande demonstrasjonar i USA. Dei vart utløyste av dødsfallet til den uvæpna afroamerikanaren George Floyd, men tek eit oppgjer med den strukturelle rasismen som pregar landet.
Emneknaggen #BlackLivesMatter har vore hyppig brukt for å vise støtte til saka, men motrøyster tek i bruk konkurrerande emneknaggar som #WhiteLivesMatter, #BlueLivesMatter og #AllLivesMatter.
Men dersom ein scrolla gjennom emneknaggane på tampen av førre veke var innhaldet totalt dominert av noko uventa: K-pop.
#MAGA #BlueLivesMatter #AllLivesMatter #Trump2020 #WhiteLivesMatter #BlueLivesMatters #MAGA2020 #WhiteLivesMattter Stan red velvet❤️???☺️✨???✌? pic.twitter.com/tnkKrcn2Gn
— almaakadissapointment (@almaakadissapo1) June 3, 2020
Saka har vore omtalt av fleire internasjonale medium, deriblant The Atlantic og Vox.
Trenda på verdsbasis
K-pop er kort for Korean pop. Musikksjangenen har sitt opphav i Sør-Korea, men har dei siste åra fått eit stadig større internasjonalt publikum.
Tallause K-pop-fans verda over tok fullstendig over dei kontroversielle emneknaggane slik at rasistisk innhald drukna i konsertklipp, promobilete og memes.
Paradokset er at fanskaren samstundes sørgja for at #WhiteLivesMatter trenda på verdsbasis, og Twitter kategoriserte emneknaggen som K-pop-innhald.
racists seeing racists#WhiteLivesMatter seeing only
trending world kpop
wide fancams pic.twitter.com/sV5vYoimb6— MAYCEE ⁷ ⟭⟬ ? (@seokjinmylabsss) June 3, 2020
Spamma politi-app
Det er ikkje berre rasistiske emneknaggar som har vorte flauma over av K-pop-videoar. Politiet i Dallas har òg fått merke mobiliseringsevna til fleire millionar fans.
Søndag 31. mai sende politiet i Dallas ut ei Twitter-melding der dei oppmoda folk til å sende inn videoar av «ulovleg aktivitet» på appen iWatch Dallas.
Mange var uroa for at videoane kunne verte nytta til å identifisere og eventuelt arrestere fredelege demonstrantar, melder The Atlantic.
stan twitter nows your chance to use them fancams for GOOD please https://t.co/5FPlL1bkqD
— pretty boy dad (@notextzone) May 31, 2020
K-pop-fansen reagerte raskt og sende tallause eigenfilma konsertklipp (sokalla fancams) frå yndlingsbanda sine til appen. Etter få timar kræsja appen, men kor vidt det skuldast pågangen frå K-pop-fans er framleis uvisst.
you know the drill! SEND IN ALL OF YOUR FANCAMS!!! CRASH THE WEBSITE!!! MAKE THEM TAKE IT DOWN!!! PROTECT THE PROTESTERS!!! https://t.co/tNTjsvhTBy
— j ¹²⁽⁷⁾ ↺ (@ngelwy) June 1, 2020
– Tårer i augene
No vert K-pop-fansen hylla for innsatsen, og fleire påpeiker at dei no set pris på ei gruppe dei tidlegare syntest var irriterande.
why is it 8am and i am literally teary eyed that kpop twitter hijacked the #WhiteLivesMatter hashtag to drown out the racism and fill with fancams and petitions like…..never DRAG THEM AGAIN. kpop stans are FOR THE PEOPLE.
— elijah daniel (@elijahdaniel) June 3, 2020
Også den Oscar-nominerte filmskaparen Jordan Peele takkar for innsatsen:
❤️ #kpopstans
— Jordan Peele (@JordanPeele) June 4, 2020
Den koreanske journalisten Yim Hyun-su påpeiker at dette ikkje er første gong K-pop-fans er politisk aktive, og meiner (vestleg) media har hatt ein tendens til å fokusere på negative narrativ. No er han glad for at fanskaren får den anerkjenninga han meiner dei fortener.
- Lurer du på korleis du kan verte ein betre anti-rasist? Her får du Mariama (22) sine beste tips til kva du kan lese, sjå, høyre og gjere!