Høgre har brukt mest på fest

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Partia på Stortinget brukte i fjor mindre pengar på fest og moro enn tidlegare, men Høgre toppar lista med nesten 4.500 kroner per årsverk.

Summane partia bruker på fest og moro har falle kraftig etter at praksisen vart offentleg kjent i 2018, og no er 2019-rekneskapane for partigruppene på Stortinget klare, skriv Aftenposten.

Høgre har overteke trona frå Frp som partigruppa som oppgir at dei bruker mest statlege middel per årsverk på såkalla «velferdsutgifter». I praksis definerer skattelova dette som pengar til fest, hyggjereiser, moro og sosiale arrangement utan fagleg innhald til personar internt i verksemda.

Regjeringas regelverk for statstilsette hadde i 2019 ei øvre grense på 486 kroner per person per år for kor mykje statlege verksemder kan bruke på velferdstiltak. Høgres stortingsgruppe brukte i fjor 4.470 kroner per årsverk.

Sekretariatsleiar Christine Wist i Høgres stortingsgruppe har ikkje svart på Aftenpostens spørsmål om på kvifor partiet meiner dei fortener å bruke betrakteleg meir offentlege pengar på fest og moro enn det statstilsette får lov til. Ho svarer heller ikkje på kva dei har brukt pengar på.

Statsminister Erna Solberg saman med direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog, på pressekonferansen 15. mai. Foto: Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret/Statsministerens kontor