Høgre bykser fram under koronakrisa

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Partiet får i gjennomsnitt 26 prosents oppslutnad denne månaden, viser oversikta på nettstaden Poll of polls. I mars var oppslutnaden på 20,5 prosent.

Høgre har dermed fått eit tydeleg løft sidan regjeringa 12. mars kunngjorde dei mest inngripande tiltaka i fredstid og stengde mykje av landet.

Dersom snittmålinga var eit stortingsval, ville partiet fått 48 mandat, tre fleire enn i dag.

Høgre er dermed det største partiet i landet, ifølgje målingane.

Det største opposisjonspartiet Arbeidarpartiet, ligg i snitt på 24,9 prosent, ein ørliten framgang i april. Med eit slikt valresultat ville Jonas Gahr Støres parti fått 46 mandat, tre færre enn i dag.

Les også: Høie sin tale til ungdomen: – Neste sommar finst ikkje når du er ung

Småparti slit

For Høgres regjeringspartnarar KrF og Venstre er det liten «koronaeffekt» å spore på meiningsmålingane.

På snittet av målingane for april går Venstre ørlite tilbake og får 3 prosent. Eit slikt valresultat ville redusert stortingsgruppa til partiet frå åtte til to representantar. Partiet har i hovudsak lege under sperregrensa sidan sommaren 2018, med unntak av eit snitt på 4 i juli i fjor.

Kristeleg Folkeparti kan notere seg ei oppslutning på 3,6 prosent i april, ein liten oppgang på 0,3 prosentpoeng frå førre månad. Det ville berre gitt tre representantar, fem færre enn i dag.

Partiet nådde sperregrensa på 4 prosent i snitt i februar, men har elles lege under grensa sidan Kjell Ingolf Ropstad tok over som partileiar for eitt år sidan.

Kjell Ingolf Ropstad

KrF-leiar og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad opplever ikkje den same oppsvingen i oppslutnad under koronakrisa. Foto: KrF

Nedtur for Frp

Framstegspartiet fekk seg ein kortvarig opptur etter at dei forlét regjeringa på nyåret, men er no nede på 11,5 prosent, tilbake 1,4 prosentpoeng sidan mars og heile 3,5 prosentpoeng sidan februar.

Senterpartiet går på si side tilbake 2,2 prosentpoeng til 14,4 prosent frå førre månad, medan SV får ein oppslutnad på 7,3 prosent (–0,4).

Raudt, som i halvtanna år har lege over sperregrensa, falle i april under det magiske 4-talet og får i snitt 3,6 prosent. Også MDG er på retur, og får ein oppslutnad på 4,5, det lågaste sidan mai i fjor i Poll of polls-oversikta.

Alver-ordførar Sara Sekkingstad (Sp) vart som 26-åring tidenes yngste kvinnelege ordførar etter kommunevalet 2019. Til høgre, statsminister Erna Solberg. Foto: SP, Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor