«Skamma treffer når dei trekker til seg tinga sine når eg kjem inn i heisen»

Salman Akhtar Chaudhry

Salman Akhtar Chaudhry
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne gongen er det annleis.

Kampen tel meir enn nokon gong.

Fordi denne gongen er det annleis.

Vi står sterkare enn nokon gong, nå gjeld å halda trykket oppe. Rasistane kjenner på presset. Denne gongen har vi ein sjans. Ikkje la dei dytta oss til sida eller sparka oss ned. Fordi denne gongen er det meir på spel. Nå speler vi meir om liv og død enn det vi nokosinne har gjort det.

Eg var heldig som vart fødd i Noreg. Eit land der demokratiet legg opp til at ein skal kunna ytra seg og oppleva at ein blir høyrt. Det blir presentert fleire og fleire incentiv og tiltak som legg til rette for at unge skal kunna ytra seg i den offentlege debatten. Eit land der presse- og religionsfridommen til ytrings- er sentrale verdiar. Eit av verdas mest likestilte land.

Salman Akhtar Chaudhry på Stord SU sin demonstrasjon 5. juni 2020. Foto: Maja Kleveland Straume

Likevel så voks eg opp med å ikkje seie noko i dei sosiale situasjonane. Eg var redd for at dei vart ubehagelege og krenkte. Kan du tenka deg det? Ein ung gut som er vitne til rasistiske ytringar og ikkje seier noko fordi han ikkje vil bli rasisten. Og hjartet pumpar framleis når politiet stoppar meg for ein tilfeldig kontroll. Det koker nesten over kvar gong når han veljar å kryssa gata i staden for å gå forbi meg og kompisane mine. Og skamma treffer når dei trekker til seg tinga sine når eg kjem inn i heisen.

Vi blir utsette for rasisme i Noreg også. Rasismen finst i Noreg også og ikkje eingong tenk på å prøve å fortelja meg at det ikkje er sant. Dag etter dag så blir jobbsøknadene våre avvist, vi blir kalla negrar og får beskjed om å dra tilbake der vi kjem frå. Fordi gud-hjelpe-meg om eg skulle dra rasekortet. Eg kan jo ikkje gjera dette til ein rase-ting. Dette er ting som vi, norsk ungdom som er både fødd og vaks opp her, må gå gjennom. Eg kan ikkje eingong tenka meg det livet de som kjem til Noreg har.

Nå er det viktig at vi tar eit aktivt standpunkt. Det er viktig at ein vel side. Det er ikkje nok å ikkje vera rasist. Du må vera antirasist. Historia har vist at det er det som trengst. Å teia fordi du ikkje er rasist held ikkje lenger. Vi som har moglegheit til å heva stemma må gjera det. For det er mange som ikkje kan fordi det er livstruande. Då er det ekstra viktig at dei av oss som er nøytrale hevar stemma si. For oss i Noreg betyr det å kjempe kvardagsrasismen.

I fleire hundreår har rasekampen krenkt, undertrykka og drepe. Historia gjentar seg sjølv i USA og i store delar av verda. Det måtte grotesk maktmisbruk og drap til for at det skulle bli merksemd. Men ein ser nå, når ein nasjon blir pressa og blir sett ansvarleg for handlingane sine, så vel dei ikkje å gi folk ein sjanse til å bli høyrd.

USA har valt å ta side med rasistane og undertrykker demonstrantane. Opptøyane i USA er eit resultat av at staten ikkje høyrer på borgarane sine. Martin Luther King Jr. sa at opptøyar er språket for dei som ikkje blir høyrt. Han hadde heilt rett. Demonstrantane har ingen andre kanalar å ty til. Politiet drep, pressa blir undertrykt og president sjølv forverrar situasjonen.

Oppfordringa mi er; ta ei aktiv side, kjemp saka og bruk stemma di. Det gjer ein forskjell. Det er nå det verkeleg tel. Vi har verken råd eller tid til å tape denne. Kor mange fleire liv skal vi mista?

Bilde av rasistiske utsegner