«For at eg skal kjenne meg heime, må det vere fiskelukt»

Mathilde Lassesen Lockert

Mathilde Lassesen Lockert
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten deltok i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett i konkurranse med 450 andre ungdommar over heile landet, og er valt ut til å bli publisert.

Myre er kjent for mykje fisk og dyktige menneske. Her hjelper vi alle til for at samfunnet skal gå bra. Me jobbar på dugnadar.

Me har dyktige fiskarar som fiskar kvar vinter og står på dag og natt. Me har fine omgjevnader og fin natur som me brukar til å vere ute i. Me har mange fritidsaktivitetar til barn som Øksil, som er ein volleyballklubb, og Morild som driv med fotball. I dei klubbane er det berre frivillige vaksne som trenar barn utan at dei får løn.

Mathilde Lassesen Lockert byrja å skjera tunger som barn. Foto: privat

Skjer tunger

Du begynner å jobbe i ung alder. Du får fiskelukta inn med mjølka. Alle veit kven alle er, eller me trur det i alle fall. Me treff alltid nye folk som me ikkje veit kven er.

Eg begynte i ung alder å skjere tunger. Det var mamma som lærte meg å skjere. Ho skar sjølv då ho var unge. Vi har ein lang tradisjon for at barn og unge skjer tunger på bruka her på Myre. Bestefaren min skar sjølv da han var ung.

Mange ungdommar, men flest gutar, bruker også å vera med fiskebåtane ut på havet å fiske. Så her lærer ein fort å bli sjølvstendig.

For at eg skal kjenne meg heime, må det vera mange båtar og mykje fiskelukt rundt meg.

Slepp stresset

Eg hadde heilt klart vore ein annan person om eg hadde vakse opp ein annan plass enn her. Når du veks opp i små samfunn, lærer du deg at du må hjelpe alle for at samfunnet skal gå rundt. I små samfunn kan du ikkje ta ting for gitt. Du må jobbe for alt. Du har ikkje alt som kanskje ein by har.

Når du veks opp i små samfunn, lærer du deg at du må hjelpe alle for at samfunnet skal gå rundt.

Når du bur i by er du utsett for kø og stress. Mange som bur i byar bruker mykje tid i bil for å komme seg frå A – B. Dette slepp me på småstader som Myre. Her har me korte avstandar og relativt lite trafikk.

Frå båthamna i Myre. Foto: Privat

Når me skal handle kan me parkere rett utanfor butikkdøra og viss du gløymer/mistar noko på butikken får du det trygt tilbake.

Når du bur i by tar du dei fleste tinga med ein sjølvfølgje sånn som gateljos og brøyting. Mens her blir gatelysa drifta av private ljoslag, og kvar enkelt må sjølv betale for brøyting. Kulturhus er eit anna gode som dei sentrale strok har, mens her blir det etablert ved spleiselag mellom dugnad frå innbyggjarane, bidrag frå privat næringsliv og det offentlege.

– Til den dag i dag har eg litt trøbbel med å svare på spørsmålet, kvar gong eg blir spurt kvar eg kjem frå. For kva skal ein svara når ein tilhøyrer begge, men samtidig ingen? spør Aleš Bara Strnad (19).