Vogue løftar frontlinja på førstesida

Ein lokomotivførar, ei jordmor og ein butikkmedarbeidar prydar forsida til britiske Vogue.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er meir enn berre ein jobb no. Det er slik ein fin tittel å vere ein nøkkelarbeidar.

Det seier den 21 år gamle daglegvaremedarbeidaren Anisa Omar til juliutgåva av britiske Vogue.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

This chapter in history has seen a society shift its attention onto some of the people in this country who are not usually afforded the spotlight. For the July 2020 issue, @BritishVogue highlights the front-line workers whose bravery and dedication to helping others during the coronavirus crisis has stunned all of us. It’s hard not to get emotional watching these three key worker cover stars – London Overground train driver Narguis Horsford, community midwife Rachel Millar and supermarket worker Anisa Omar – as they take us through some of their daily working life and comment on the spectrum of highs and lows they have experienced in the last few months. I applaud them. See the full film at Vogue.co.uk/video. Directed and edited by @TomGilfillan, DoP @AnnaMaccc and produced by @TheRealMinnieCarver & @PavilionWorks.

Et innlegg delt av Edward Enninful, OBE (@edward_enninful)

Koronapandemien har råka Storbritannia hardt. Ifølgje VG sin oversikt hadde landet onsdag 3. juni 279.392 stadfesta smittetilfelle og 39.449 koronadødsfall.

Medan mange land allereie har opna opp kunne dei minste britiske borna kome tilbake på skulen først denne veka, medan dei eldste må vente heilt til 15. juni.

Den nye frontlinja

I ti dagar har britiske Vogue lete fotograf Jamie Hawkesworth sykle rundt i London med kamera og munnbind for å dokumentere kvinnene som jobbar i frontlinja under koronapandemien.

Resultatet er portrettserien «The New Front Line».

Sjefredaktør Edward Enninful skriv på Instagram at at han er ekstremt takksam og stolt over å presentere dei tre framsidene for juliutgåva av bladet.

– Dette er folka som er vorte valde ut til å representere millionar av andre som under toppen av pandemien tek på seg sine uniformar og arbeidsklede og gjekk ut og hjelpte folk, skriv sjefredaktøren.