Førstegongsveljarar: – Viktig å bruka stemmeretten!

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er den einaste måten me har til å bestemma kven som skal styra. Det hjelper å stemma, seierEven Vinsjevik Ervik (18).

Førstegongsveljaren frå Stord håpar fleire unge vil nytta stemmeretten sin.

Ved sist lokalval var det berre 48,3 prosent av 18- og 19-åringane som brukte stemmeretten sin. Til samanlikning var det 76 prosent av dei mellom 67 og 79 år stemte i 2015.

– Korleis kom du fram til kva parti du vil stemma?

– Eg har lese meg litt opp på nettet, og så har eg prøvd fleire valomatar. Partiet eg tenkte på var eitt av dei som kom opp i valomatane eg prøvde, fortel han.

LES OGSÅ: Fleire unge stemte i stortingsvalet

– Kva saker er viktig for deg når du skal stemma?

– Eg har nettopp fått lappen og bil, og då er bompengar noko eg tenker på, seier Even Vinsjevik Ervik.

– Det er viktig at fleire unge stemmer, seier Silja Veka (18). Foto: Svein Olav B. Langåker

Stemmer for klima

Silja Veka (18) stilte seg i kø på Stord kulturhus for å stemma etter skulen. Ho synest det er spennande å få vera med på å stemma for første gong.

– Eg er opptatt av klima, og har alltid vore interessert i politikk. Det er ein grunn til at eg bestemte meg for å bli med i Sosialistisk Ungdom. Så då skjønar du sikkert kva eg skal stemma, seier ho, og smiler.

Til vanleg går ho på musikklinja på Stord vidaregåande. Der har dei hatt skuledebatt og valtorg.

– Kjenner du fleire som skal stemma?

– Eg veit ikkje om så mange andre unge folk som skal stemma. Men eg kjenner fleire som har førehandsstemt. Det er viktig at fleire unge stemmer, slik at me òg blir høyrt, avsluttar Silja Veka.

LES SISTE NYTT OM LOKALVALET HER!

Valdeltaking i kommune- og fylkestingsvalet. Kjelde: SSB Grafikk: Framtida.no