Nederlag for KrF: Stortinget vedtok historiske endringar i bioteknologilova

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vedtaket tysdag ettermiddag betyr at det blir tillate med eggdonasjon, assistert befruktning for einslege, tidleg ultralyd og blodprøven NIPT.

Blodprøven kan avsløre skadar og sjukdommar på foster tidleg i svangerskapet.

Kjell Ingolf Ropstad

Kjell Ingolf Ropstad frå KrF tar over som barne- og familieminister. Foto: KrF

KrF-leiar og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad kallar utfallet eit stort tilbakeslag for likeverdet i Noreg.

– Vi ser konsekvensane frå Island og Danmark, som har innført mange av dei same endringane. Der fødast det knapt barn med Downs syndrom, seier Ropstad til NTB.

– Frykta mi er at dette gjer noko med mangfaldet i Noreg, seier han.

Dragkamp til siste slutt

Det var Arbeidarpartiet, SV og Framstegspartiet som gjekk saman for å sikre fleirtal for endringane.

Dei tre partia har eit knapt fleirtal på 86 representantar – éi stemme meir enn fleirtalsgrensa i Stortinget.

KrF insisterte på fullsett sal under avstemminga, i håp om at utbrytarar frå Frp skulle vippe fleirtalet.

Det skjedde ikkje.

I staden sørgde vekslande konstellasjonar for at det vart fleirtal for alle dei foreslåtte endringane.

Ropstad ser likevel ikkje på seg sjølv og KrF som dei største taparane i saka.

– Dette handlar om samfunnsutviklinga, seier han.

Frp-leiar Siv Jensen kan truleg gi tommel opp for ei historisk endring av bioteknologilova. Her saman med Kari Elisabeth Kaski frå SV, som også står bak forslaget, og Høgres Heidi Nordby Lunde. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

– På overtid

Jonas Gahr Støre. Foto: Regjeringen.no

Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner at lovendringane kjem på overtid.

– Vi har ei lov som regulerer teknologi, behandling, diagnostikk, og som ikkje har endra seg på 16 år. Vi vil vere eit moderne samfunn, der menneske skal få tilgang på det siste og beste. Det må vere Noregs ambisjon, seier han til NTB.

Ap-leiaren er glad for at stemmetala i stortingssalen vart «mindre skarpe» enn ein skulle tru.

– Høgre og Venstre har i stor grad måtta stemme etter partipisken. At nokon braut ut på slutten, viste eigentleg ganske tydeleg kva som var stemninga i partiet, seier han.

Åtvaring mot NIPT

Bent Høie. Foto: Bjørn Stuedal/regjeringen.no

På tampen av debatten tok helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) ordet. Han åtvara då Stortinget kraftig mot å seie ja til forslaget om å tilby NIPT-testen til alle gravide.

– Dette er ein test, på lik linje med alle andre testar, som vil gi svar. Men det er òg ein test med ganske store utfordringar, og han vil òg gi mange falske positive svar, åtvara Høie.

Han understreka at konsekvensane av å innføre ein slik screening ikkje er skikkeleg greidd ut.

– Det vil vere veldig mange gravide i Noreg som gjennom NIPT-testen vil få beskjed om at dei har eit foster som truleg har utviklingsavvik, der dette ikkje vil vere tilfelle, sa han.

Utbrytarar

Enkelte representantar frå regjeringspartia valde å bryte med linja til regjeringa, blant dei Venstres Ketil Kjenseth og Høgres Marianne Synnes Emblemsvåg.

Kjenseth stemde for alle liberaliseringsforslaga frå opposisjonen, med unntak av NIPT-test for alle.

Emblemsvåg sa ho stemde for eggdonasjon og assistert befruktning for einslege.

– Denne kamelen går det ikkje an å svelgje, fastslo ho.

Frps nestleiar Sylvi Listhaug valde derimot å halde partilinja. Ho trur at press frå KrF før avstemminga kan ha snudd haldninga til moglege støttespelarar frå Frp.

– Eg trur at alle dei truslane som kom frå KrF undervegs her, har bidrege til å gjere ganske mange i Framstegspartiet sinte, seier Listhaug til NTB.

Helsepolitisk talsperson i Frp Åshild Bruun-Gundersen la onsdag fram ei rekkje forslag til endringar i bioteknologilovgivinga. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK