Menskoppar skal sikre jenter i Uganda utdanning
Kvar einaste månad mister nesten halvparten av jentene fleire skuledagar på grunn av menstruasjon.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lene Elisabeth Eide står bak menskopp-bedrifta CleanCup. Foto: CleanCup
– Menstruasjonshelse handlar ikkje berre om fysisk velvære. Om ei jente ikkje kan handtere mensen med verdigheit, så kan det påverke hennar psykiske helse. Eg trur det er myndiggjerande å gje jenter mogelegheita til å velje kva sanitærprodukt dei vil bruke, seier Lene Elisabeth Eide i ei pressemelding.
Ho er grunnleggjaren av bedrifta CleanCup, og bidreg no til å gje jenter eit valalternativ.
For kvar menskopp bedrifta sel, så donerer ho éin til Redd Barna slik at dei kan dele dei ut til jenter i Uganda.
Menskoppane er eit alternativ til bind og tampongar. Dei er laga av medisinsk silikon, og kan verte brukte oppatt i inntil 10 år.
Halvparten av jenter mister skulegang
I 2017 miste halvparten av jentene i Uganda éin til tre dagar på skulen kvar einaste månad, på grunn av mensen.
Same året var det berre 54 prosent av jentene i Uganda som fullførte grunnskulen. Det er fleire årsaker til det, men dårlege løysingar for å handtere mensen har mykje å seie, ifølgje landssjef i Plan International Uganda, Rashid Javed.
Torsdag var den offisielle overleveringa av menskoppar frå CleanCup til Redd Barna, noko som markerte starten på samarbeidet.
Redd Barna har eit pilotprosjekt i byen Gulu, nord i Uganda. Allereie tidleg i oktober samla dei 91 skulejenter, og ein nær kvinneleg slektning, til undervising om mensenhelse og korleis dei nyttar menskoppen.
Samstundes fekk også gutar og menn høve til å lære om pubertet og menstruell helse.
Redd Barna skal dokumentere resultata og tilbakemeldingane frå jentene i Gulu før prosjektet eventuelt vert utvida.

Foto: WoMena UG
- Les også om Hollywood-skodespelar Michael Sheen si oppfordring til fedrar: Lat oss prate om mensen!