FHI endrar vaskeråda for barn etter at mange får hudproblem

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FHI endrar råda etter at Norsk forening for allmennmedisin og Psoriasis- og eksemforbundet har teke problemet med såre barnehender, skriv Aftenposten.

Mange fastlegar får no bilete av hender med sår på knokane, ifølgje leiar i Norsk forening for allmennmedisin, Marte Kvittum Tangen.

– I verste fall kan vi risikere ei blomstring av handeksem blant barn under pandemitida. Handeksem er ikkje berre smertefullt, det aukar òg infeksjonsfaren for barnet, seier generalsekretær Mari Øvergaard som har teke opp saka med FHI.

Dei nye råda er slik:

  • Handdesinfeksjon kan erstatte handvask når hendene ikkje er synleg skitne. Handdesinfeksjon er ofte meir skånsamt for huda enn såpe. I tillegg går det fortare å gjennomføre.
  • Handvask med lunka vatn og såpe bør gjennomførast når elevane kjem til skulen, etter friminutt, når hendene er synleg skitne og alltid etter toalettbesøk.
  • Det er ikkje nødvendig med både handvask og handdesinfeksjon samtidig. Ein av delane held.

Ifølgje råda som gjaldt fram til 15. mai skulle borna alltid vaske hendene før ein drog heimanfrå, når ein kom til skule/SFO, etter hosting og nysing, etter toalettbesøk, før og etter måltid og etter at ein kjem inn frå uteaktivitet, og dessutan ved synleg skitne hender.

Les også: Dette gjev deg lyst til å vaske hendene

Øvst frå venstre er Instagram-brukaren Auntie Hortensia, under kunsten til Sara Shakeel og til høgre ein viral TikTok-dans. Foto: Instagram/TikTok