Irane betalar tilbake 173 år gamal teneste til koronaråka urfolk

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 1847 leid det irske folket under den store hungersnauda som råka landet. Då donerte det amerikanske urfolket i Choctaw Nation 170 dollar for å hjelpe stille svolten – med dagens kurs tilseier det rett over 50 000 norske kroner.

Det er ikkje lommerusk for eit folk som få år tidlegare hadde vorte røska opp frå heimplassen sin, gjennom tvangsflyttingane i Trail of Tears, der fleire tusen miste livet.

No gjengjelder irane tenesta.

Det melder fleire internasjonale medium, mellom andre britiske The Independent.

Smitte i ein «matørken»

Dei amerikanske urfolka er hardt råka av koronapandemien. Det delvis sjølvstyrte reservatet Navajo Nation har ein av dei høgaste førekomstane av smitte per capita i heile USA, og framleis er smittetoppen vekevis unna.

Per 3. mai var det meldt om minst 2373 smitta og 73 døde i reservatet.

I midten av mars vart det sett opp ein innsamlingsaksjon hjå Go Fund Me, for å hjelpe innbyggjarane hjå Navajo Nation og i Hopi-reservatet.

I skildringa vert reservata skildra som «matørkenar», som betyr at tilgangen på matbutikkar er liten. Samstundes manglar ein tredjedel av Navajo-bebuarane innlagt vatn, noko som gjer det vanskeleg å vaske hendene like ofte som smittevernråda tilrår.

Lyser opp ei mørk tid

No straumar pengane inn frå den andre sida av Atlanterhavet, frå irar som vil yte same støtta som deira forfedrar mottok for 173 år sidan:

– Dei amerikanske urfolka, som også var underlagde ekstrem fattigdom og mangla essensielle varer, donerte til folk som var tusenvis av mil unna og som nok aldri hadde høyrt om Choctaw-folket, skreiv donoren Kris Marsden.

Til no har kronerullinga samla inn over 2,5 millionar amerikanske dollar. Pengane skal sikre reint vatn og mat, samt gå til stoff for å sy ansiktsmasker og ein informasjonskampanje om korleis ein hindrar smitte.

– Dette er ei mørk tid for oss. Støtta frå Irland, eit anna land, er fenomenal, seier Cassandra Begay, medlem av Navajo Nation og med-arrangør på innsamlingsaksjonen, til amerikanske New York Post.