No kan du ha 19 gjester på bursdagsfest – her er dei nye koronareglane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

20 personar på russefest, 17. mai-frukost eller bursdag

Regjeringa aukar rådet for kor mange som kan vere samla i private tilstellingar frå fem til tjue personar. Det betyr at du no kan planleggje å samla litt fleire til russefestar og 17. mai-frukost. Men hugs at regelen om å halde éin meter avstand framleis gjeld.

Kortare karantene

Til no har personar som har hatt kontakt med ein nysmitta inntil 48 timar før symptoma oppstod måtte vere i karantene i 14 dagar. Frå og med 7. mai må du berre vere i karantene i 10 dagar ved mistanke om smitte.

Skulane opnar frå 1. klasse til VG3

Alle trinn på norske grunnskular og vidaregåande skular skal opnast frå måndag 11. mai. På grunn av smittevernreglane om at alle skal halde éin meter avstand kan ikkje alle elevar vere på skulen samstundes, mange vil vera meir ute og det kan framleis bli ein del heimeskule.

Omlag 1 av 4 studentar tilbake på lærestaden

Studentar på universitet og høgskular som er avhengig av å vere fysisk stades for å få gjennomført utdanninga si på normal tid kan kome tilbake 11. mai, så lenge smittevernreglane vert følgt. Det betyr at kring 25-30% kan kome tilbake før sommaren. Regjeringa håpar på ordinær studiestart til hausten.

  • Folkehøgskulane held stengt ut skuleåret.

50 personar på konsert eller kino

Kinoar, konsertar og idrettsarrangement kan verte gjennomført med inntil 50 personar, så lenge dei har ein smittevernansvarleg som passar på at dei overheld smittevernreglane.

Disney-filmen Fremad er noko av det du kan få med deg på kino i desse dagar. Foto: PIXAR

Trening for 20 personar

Frå og med 7. mai kan organisert idrett gjennomførast med inntil 20 personar, så lenge dei held minst éin meters avstand.

  • Idrettshallane opnar, men ikkje garderobane.
  • Frå 1. juni kan ein delta på symjetrening.
  • Frå 15. juni opnar treningssentera, så sant ein har gode nok smitteverntiltak

Moroparkar opnar 1. juni

Parkar som Tusenfryd har utsett sesongopninga, men om mindre enn ein måte kan dei opne dørene for publikum.

Nye reiseråd frå 1. juni

Seinast 15. mai kjem Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet med nye reiseråd som skal gjelde for sommaren. Reisekarantene vil truleg vara til over sommaren.

Barane opnar 1. juni

Oslo kommune har hatt total skjenkestopp fram til 6. mai, då stader som serverer mat fekk opna kranene igjen. 1. juni kan barar og skjenkestader som ikkje serverer mat opne dørene igjen.

Arrangement for inntil 200 personar frå 15. juni

Festivalsommaren er i store trekk avlyst, men frå 15. juni kan ein arrangera konsertar for inntil 200 personar, så lenge ein følgjer smittevernråda.

Badeland og symjehallar opnar 15. juni

Forutsett at ein har fått på plass gode smitteverntiltak kan du kose deg i badeland i sommar.

Seriespel i fotballen frå 16. juni

Frå 16. juni får toppfotballen spele kampar igjen etter unntak frå Covid 19-forskrifta.

Emilie Kruse Johansen (20) meiner løn og speletider er viktigare enn regelverket under kamp, for å sikra likestilling i idretten. Foto: Fredrik Hagen, Norges Ishockeyforbund.