«Næringsliv og klimatiltak går hand i hand»

Martine Jordana Baarholm
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg sette kaffien godt fast i halsen då eg las på Framtida 6. mai at Sosialistisk Ungdom hevda at kapitalismen har skuld for klimaendringane.

Det å legge skulda over på eit økonomisk system som gjev folk høve til å satse på draumane sine og kome med ny teknologi, er verkelegheitsfjernt for meg.

Forfattaren skriv at dagens marknad har ein aktiv kamp mot klima. Dette er det same marknad som har gjeve oss elbilar, elferjer, solpanel og framgang i ny og miljøvennleg teknologi, med andre ord er lista er lang.

Årsaka til at ein bil i 2020 forureinar mindre enn i 1950 er nettopp fordi menneske har investert, forska og utvikla betre løysningar for forbrukarane som vil ha bilar som forureinar mindre, brukar mindre drivstoff og ikkje har like mykje utslepp.

Dessverre er det mange investorar som er redde for å investere i Noreg

Dessverre er det mange investorar som er redde for å investere i Noreg. Det er fordi dei ikkje kjenner seg trygge på kva som skjer dei neste 10-50 åra når ein har ei miljørøsle som er meir oppteken av å føre symbolpolitikk, til dømes å tømme skattebetalarane sine lommebøker på lite naudsynte avgifter.

Dersom ikkje investorane tør å investere i håp om at det skal vere lønnsamt i eit svært langsiktig perspektiv, så får ein ikkje dei nye maskinane som er meir effektive og ein får heller ikkje reinare fabrikkar.

Det er klart at innsendaren gløymde ein viktig ting og det er at det er ikkje politikarane som skal løyse klimakrisa, men det er menneska. Det er marknaden, industrien, bedriftene og grunderane.

Det er ikkje politikarane som skal løyse klimakrisa, men det er menneska

Vi må våge å sate på forsking og teknologiutvikling, slik vi kan få kunnskap om utfordringane og finne ideane som kan løyse dei.

Vi må legge til rette for at selskapa skal kunne gjere dei riktige stega for å redusere utsleppa sine.

Då er det lite hjelp å avskaffa det systemet som gjer dette mogleg.

Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

– Eg er veldig spent. Det er godt å få skrive boka ferdig, og at den no skal ut, men eg er ikkje van til å vere på den andre sidan av journalistblokka, fortel Line Nagell Ylvisårker som no debuterer som forfattar med boka «Verda mi smeltar». Portrettfoto: Samlaget / Bakgrunnsbilete av Adventfjorden på Svalbard: Bente Kjøllesdal