«Akkarfjord er ein veldig liten plass med få folk – og dessverre blir det stadig færre»

Tina Ingebrigtsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten var med i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett i konkurranse med 450 andre ungdommar over heile landet, og er valt ut til å bli publisert.

Eg kjem frå Akkarfjord på Sørøya i Finnmark. Her har eg budd heile livet mitt, altså i 15 år. Akkarfjord er ein veldig liten plass med få folk. Det er totalt seksti innbyggjarar her og dessverre blir det stadig færre.

På skulen min er me sju elevar. Eg går i 10. klasse med tre andre. Me har ein i 9. klasse, ein i 3. klasse, ein i 1. klasse og 3 ungar i barnehagen.

Eg trur den her plassen har forma meg mykje. Ikkje berre korleis eg er, men også korleis eg er me andre.

Sidan me er ein så liten skule lærer me oss å leike og vere snill med alle. Blant anna å leike ball med barnehagen eller dei minste. Det er ikkje som andre skular der du kan velje ut dei du har lyst å vere å leike med. Her er me som ein familie. Systrer og brør.

Akkarfjord oppvekstsenter

Elevane på Akkarfjord oppvekstsenter spraymalte denne veggen saman med kunstnaren Espen Henningsen, våren 2019. Foto: Jan Ivernsen, etter løyve

Eg trur at heimplassen min har gjort det slik at eg er meir vaksen. Det trur eg fordi eg kjenner godt forskjellane på andre ungdommar på min alder og meg sjølv.

Generelt vil eg tru at alle som bur her er mykje rolegare enn andre. I tillegg føler ikkje eg at eg har eit press om å bruke sminke eller designarklede. Så ja, eg trur at eg hadde vore ein heilt annan person om eg hadde budd ein annan stad.


Anne Marie Storhaug (18) frå Gjerøy i Rødøy kommune i Nordland går på Gjennestad videregående skole. Foto: Privat