Framleis heime – ein vidaregåandeelev fortel frå isolasjon

Thomas Bjørge Elton Gundersen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten var med i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett i konkurranse med 450 andre ungdommar over heile landet, og blei sendt inn rett før påsken.

Eg er lei av den plassen eg kallar heime. Eg er lei av personane heime. Eg er lei av korleis heime formar meg. Eg er lei av å kjenne meg heime heile tida, og eg er møkklei av å ikkje utvikle meg.

I fleire veker har eg vore heime no, og eg er sinnsjukt lei av dei fire veggane eg kallar heime. Det fengselet som held meg nede og ikkje lar meg vekse som person. Det fengselet eg no sit i på ubestemt tid. Den plassen der eg har alle tinga mine, og eg føler meg heime. Det er denne plassen eg er lei.

I fleire veker har eg vore heime no, og eg er sinnsjukt lei av dei fire veggane eg kallar heime.

I isolasjonen sitt fengsel

Dei menneska som bur her er alltid like, og aldri forskjellige. Dei har same problem kvar dag, same stemmer og same personlegdomar. Dei går meg på nervane og eg går dei på nervane. Slik har dagane i isolasjonen sitt fengsel vore. Alle irriterer kvarandre grøne kvar dag, der ein tråkkar i kvarandre sine saker dag inn og dag ut. Det er eg lei av.

Dette huset formar meg. Formar meg til ein person eg ikkje vil vere. Ein person som ikkje er ute og spring. Ein person som sonar kvar dag i staden for å dra ut med venar og kjenne lufta fylle lungene. Dette fengselet har gjort meg til ein innsett, og mine draumar om fridom er knust. La meg gå. Eg er lei av å verte ein person eg ikkje er.

Vêret er ikkje så verst den dagen homas Bjørge Elton Gundersen (18) fotograferer utsikta si, men isolasjonen har teke på. Foto: Privat

Eg er åleine i luftegarden

Eg er den eg er på grunn av plassen eg er frå, men òg grunna dei plassane eg har vore. Utan nye plassar vert eg ikkje rikare på erfaringar, og eg får ikkje nye minne eller venar. Eg er åleine i luftegarden, og den er ferdig utforska. Dei andre stadene som har forma meg får eg ikkje tilgang til, og heime har eg allereie opplevd alt. Her er eg for lengst lei av alt som skjer.

Eg er framleis heime. Det er det eg er lei av. Lei av denne plassen som har vorte mitt fengsel. Lei av personane som går meg på nervane. Eg er lei av korleis eg ikkje lenger har noko sosialt liv. Eg er lei av å ikkje få nye erfaringar, venar og utfordringar. Eg er møkklei, men det må til. For å vere heilt ærleg håpar eg at du òg er møkklei, for då er dei svake mykje tryggare.

Anne Marie Storhaug (18) frå Gjerøy i Rødøy kommune i Nordland går på Gjennestad videregående skole. Foto: Privat