«Etter alt som har skjedd på Askøy er eg ikkje akkurat ivrig på å fortelje alle at dette er heimstaden min»

Ingeborg Seim Instanes

Ingeborg Seim Instanes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten var med i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett i konkurranse med 450 andre ungdommar over heile landet, og blei valt ut til å bli publisert.

Frå busstoppen i Myrane på Askøy. Foto: Ingeborg Seim Instanes

Kva er min heim? Skal eg seie det er på Askøy, kommunen der det er kokevarsel minst fem gongar i året og vatnet gjer folk sjuke? Der politiet har måtta sett opp sikringsgjerde på Askøybrua for å hindre fleire sjølvmord og bussen ofte er for sein.

Eller skal eg seie eg er frå Bergen? Dersom nokon høyrer dialekta mi tenkjer dei jo med ein gong at eg er bergensar. Er det ikkje lettare å seie eg er i frå Bergen, sjølv om Bergen og Askøy er to ulike stadar? Min heim er ein del av min identitet, og kven eg identifiserer meg med.

Identifiserer eg meg mest med dei vass-sjuke askøyværingane eller identifiserer eg meg med bergensarane ifrå by’n?

Eg kan jo også seie at heimen min er i dei djupe fjordane i Hardanger. Det er jo staden eg har halde til ein stor del av livet mitt. Det er her far min er ifrå, og det er her eg har mykje av familien min.

For mange av dei er eg berre ei byjente som er litt ofte på besøk

Jo lenger eg er i Hardanger, jo meir føler eg at dette er den eigentlege heimen min. Trass alt har eg jo alle faktorane eg treng for å føle meg heime. Venar, familie og eit tak over hovudet.

Eg har fleire gonger opplevd denne staden som trivelegare enn Askøy og Bergen, med mindre press på dumme ting som merkeklede og kropp. Eg identifiserer meg likevel ikkje heilt med hardingane, og dei identifiserer seg ikkje med meg. For mange av dei er eg berre ei byjente som er litt ofte på besøk.

Utsikt frå eit bussvindauge i kommunesenteret Kleppestø på Askøy. Foto: Ingeborg Seim Instanes

Askøy har også på mange måtar forma meg som person. Det er her eg har mesteparten av venane mine, det er her eg går på skule og det er her eg bur. Likevel, viss nokon spør kor eg er ifrå, så seier eg jo «Bergen såklart!».

Etter alt som har skjedd på Askøy er eg ikkje akkurat ivrig på å fortelje alle at dette er heimstaden min, og eg lar ofte vere. Ein kan vel seie at eg har fleire heimar, som alle har forma meg litt på kvar sin måte. Kvar plass har alle sine forskjellar og trekk.

Alt i alt, trur eg kanskje at eg kjenner meg mest heime her, på denne vesle øya, litt vest for Bergen, og endå meir vest for Hardanger. Sjølv om noko faktisk går rett vest her på Askøy, er det framleis denne vesle øya som eg identifiserer meg aller mest med, og som kjennast aller mest som heime.

Anne Marie Storhaug (18) frå Gjerøy i Rødøy kommune i Nordland går på Gjennestad videregående skole. Foto: privat