«Eg var ung da eg lærte meg at folk ikkje forstod kva eg sa»

Helena Heggelund Solheim
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten deltok i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett i konkurranse med 450 andre ungdommar over heile landet, og er valt ut til å bli publisert.

«Er du svensk?» er eit spørsmål eg, ein vestlending, har høyrt for mange gonger. Eg veit ikkje om det er tonefallet, dialekta mi, eller berre den svenske stereotypen med blondt hår og blå auge, men kvar gong eg er utanfor de vestlege grensene har eg fått det spørsmålet. Eg har blitt vant til det. Å måtte gjenta det eg seie fleire gonger òg. Snakkar eg med ein austlending må eg alltid forandra dialekta mi slik at dei forstår meg.

Eg var ung da eg lærte meg at folk ikkje forstod kva eg sa. Men sjølv etter mange år med trening, er det fortsatt nye ting eg må omsetja. Då eg var på Austlandet, spurde eg ei veninne om ho kunne kasta noko i bosset.

«Hæ?»

«Bosset.»

«Hæ?»

«Bosset!»

«Hæ?!»

«Kan du kasta det i søppelet då!».

Å ha den samtalen var verre enn å bli kalla svensk. Ho hadde aldri høyrt om omgrepet boss, utanom det engelske ordet for sjef. Dialektord var ikkje ho heilt «boss» på, for å seie det sånn.

Dialektord var ikkje ho heilt «boss» på, for å seie det sånn

At dialekta mi er vanskeleg å forstå er å overdriva. Eg snakkar ganske reint og tydeleg, men nå er jo austlendingar litt overdramatiske. Nå veit eg jo ikkje kor du kjem frå, og er du austlending må eg berre beklaga. Men du er ikkje den einaste som ikkje forstår meg. Eg har møtt bergenserar som reagerer på at eg seier «sju» i staden for «syv». Og som ein felles vestlending er det veldig skuffande. Men eg har jo fått eit komplement av ein bergensar at dialekta mi var «så fin, og ikkje lika aggressiv som bergensk». Så det gjer opp for skuffelsen.

Sjølve dialekta mi er ikkje så avansert. Det er bare til å skifta ut alle a-ane på slutten av bestemte hokjønnsord til o. Så i staden for å seie «Husa ligger blant alle trea, og skoa til jenta er raude» så seier me «Huso ligge blant alle treo, og skono te jento e røe».

Me likar òg å bli kvitt nokon bokstavar. Me uttaler aldri r-en i er. Sjølv likar eg å setja i saman ord. «Veit ikkje» blir til «vettkje» og det hende eg seie «versgod» i staden for «ver så god». Det har begynt å bli ein uvane, og fleire er nok på veg.

Nå er jo austlendingar litt overdramatiske

Slang vil eg nå seia me ikkje brukar så masse. Eller, norsk slang for å vera spesifikk. Engelsk har trengt seg inn i språket vårt, iallfall til oss unge. Det er ikkje ekte engelske ord eingong. Går du forbi ein gjeng med ungdommar frå bygda mi, kan du høra masse «yeet», «and i oop» og «bro». Detta kan me takka det fantastiske internettet for. Alltid like kjekt å sjå folk over 30 lura på kva demon det er me påkallar.

Tonefallet i dialekta mi vil eg ikkje seie er så spesiell. Det er sagt at me vestlendingar syng når me snakkar, men det er ikkje den finaste songen eg har høyrt.  Det er heller ingen fjelltoppar eller dalar. Berre ei rette linja som går over horisonten. Eg kjenner meg trøytt berre av å høyra på meg sjølv snakka med den litle variasjonen me har.

Alt i alt, likar eg språket mitt. Det er ikkje perfekt, men det er fortsatt betre enn Oslo-dialekt.


Les også innlegget til Erlend Skjetne, som vil pusse støv av dei norske orda utan eigenverdi og sjølvtillit: Kvifor må vi alltid snakke om mørker når vi snakkar om mulm? 

Er ikkje mulmet nok i seg sjølv, spør Erlend Skjetne i denne teksten om vanlege ord og uttrykk.

«Er ikkje mulmet nok i seg sjølv?», spør forfattar og lærar Erlend Skjetne i denne teksten om vanlege ord og uttrykk. Illustrasjon: Colourbox