«Ei krise som ikkje ventar på at korona skal gå over»
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I dag kjempar vi klimakampen på ein litt annleis måte.
Eg saknar å verte overdøyvd av stemmebrølet framfor Stortinget, eller andre stadar.
Eg saknar å halde banner og plakatar saman med ti, hundre, tusen eller titusen andre.
Eg saknar å kjenne på kor sterke vi er, for det er lett å hugse på det når ein står midt ei ei folkemengd og ropar i takt.
Eg saknar å føle at eg er med på noko viktig, noko riktig, noko stort – for det er lett å miste den kjensla når ein sit heime og har videomøter eller berre heimeskule eller ingenting i det heile teke.
Eg saknar verkeleg klimakampen, slik eg kjenner den.
For det har vore livet mitt sidan eg var 12.
Samstundes er vi i dag midt i klimakampen på nytt, for vi veit at det er ei anna krise som ikkje ventar på at korona skal gå over.
Vi veit at det er andre ting enn denne pandemien som trugar alt det kjende og kvardagslege, alt det vi tek for gitt og som for nokre har vorte sett på prøve desse vekene.
Eg saknar å verte overdøyvd av stemmebrølet framfor Stortinget
Vi løftar blikket, og eg vil nytte sjansen til å takke alle som streikar i dag, for at dei har klart nettopp det.
Kriser kan løfte fram det vakraste, mest generøse og solidariske i menneske, slik vi ser gjennom tallause døme frå bakgårdar og Facebook-grupper denne våren.
Som alle andre kriser råkar denne aller hardast dei som allereie er hardast råka – så urettferdig er det, og då vert solidariteten ekstra viktig.
Men kriser gjer oss nærsynte.
Når vi kjenner at det trygge og sjølvsagt forsvinn, vert mange av oss mest opptekne av oss sjølv, og vår situasjon her og no.
At vi står her, eller sit eller ligg eller kva vi no gjer i dette augeblikket, det er for meg eit av dei sterkaste bevisa på solidaritet, handlekraft og rasjonalitet som har vorte utvist på veldig, veldig lenge, fordi vi løftar blikket.
Vi kjemper ein kamp som ikkje berre handlar om vårt eige beste her og no, men som handlar om framtida til alle menneske, dyr og plantar over heile kloden.
Kriser gjer oss nærsynte
Det er ikkje for å trykke ned all den innsatsen som vert lagt ned i pandemihandteringa kvar einaste dag, men for å hylle den innsatsen som òg fokuserer på noko endå større.
Det kinesiske teiknet for krise består av to teikn. Det eine er teiknet for fare, og det andre er teikne for mogelegheiter. Det har kome opp at dette berre var noko John F. Kennedy fann på, men poenget er framleis det same.
Ei krise fører oss til eit slags nullpunkt, der det vert mogeleg å velje nye vegar etterpå. Der radikal endring kan skje på ein time, der samfunn kan omstille seg i rekordfart.
Dette kan slå ut på mange måtar, og vi må sørgje for at det går riktig veg.
Koronatida kan gje politikarane mogelegheit til å setje klima neders på dagsorden, til å snike planar om oljeleiting under radaren, til å gjennomføre økonomiske og politiske reformer som fører klimakampen ti år tilbake.
Eller, den kan lære oss kva positiv endring er.
Vi er mange som har fått kvardagen snudd opp ned, som har måtta endre alle vanar for å handtere krisa. Frå korleis vi reiser til korleis vi omgåast, til kva vi brukar tid og pengar på. Som samfunn har vi hive oss rundt, bretta opp erma, og akseptert at endring er nødvendig. Nokon har kanskje til og med funne glede i endringane, i kva dei har tilført av familietid og naturopplevingar og hobbyar.
Det er denne innstillinga eg håpar vi klarar å behalde.
Som samfunn har vi hive oss rundt, bretta opp erma, og akseptert at endring er nødvendig
Fellesskapstanken, som seier at du MÅ endre kvardagen din for å ta omsyn til andre, at dine vanar ikkje lenger handlar om deg sjølv.
Vi må behalde kjensla av at vi klarar det, berre vi tek situasjonen på alvor, lyttar til fagpersonar og held motet oppe.
Vi må ta vare på erkjenninga om at handlinga rett og slett berre er heilt nødvendig, og heilt mogeleg.
Vi KAN reagere på krise. Vi har nettopp bevist korleis. No gjenstår det å overføre lærdomen til den største krisa. Klimakrisa.
Takk til alle som har møtt opp på streik. Eg håpar kjensla av digitalt fellesskap kan gje noko håp, noko pågangsmot, noko handlekraft til alle som er med.
Til slutt vil eg kome med to bittesmå bursdagsønske, sidan eg vert 19 i dag.
Det første har faktisk gått i oppfylling, for denne veka fekk vi vete at klimasøksmålet går heilt til Høgsterett. Så då er det berre å håpe på siger, ein historisk siger som bidreg til historisk kursendring i norsk oljepolitikk.
Det andre ynskjer eg å rette til alle vaksne, og særleg til alle våre kjære folkevalde. Ikkje la unntaktstilstanden verte vår normaltilstand. Med klimaendringane vil dette berre vere ei av mange kriser min generasjon må handtere. Gjer dykkar del for at det skal verte så få som mogeleg.
Takk for meg.
Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!