Universitetet i Oslo planlegg for digital undervisning til hausten
Skular og universitet er stengde som følgje av koronapandemien. No planlegg Universitetet i Oslo (UiO) for vidare digital undervisning òg til hausten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv studentavisa Universitas.
– Med utgangspunkt i signala frå helsestyresmaktene, og for å gjere det føreseieleg for studentar og tilsette, ber vi fakulteta planleggje for digital undervisning òg i haustsemesteret, seier UiO-rektor Svein Stølen.
Kan verte kombinasjon
Alt etter korleis smittesituasjonen er, og dersom det blir opna for noko undervisning på campus, kan det gradvis bli aktuelt med ein kombinasjon av digital og ordinær undervisning, ifølgje Stølen.
Fakulteta har òg vorte bedne om å leggje til rette for eit heildigitalt tilbod til engelskspråklege masterstudiar. Informasjon blir no send ut til potensielle utvekslingsstudentar for å orientere om tilgjengelege tilbod.