Facebook forbyr anti-karanteneprotestar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste tida har demonstrantar i fleire byar i USA teke til gatene for å protestera mot tiltaka som tek sikte på å nedkjempa koronaviruset.

Protestantane krev at politikarane gjenopnar økonomien og let folk kome tilbake på jobb. I fleire tilfelle har demonstrantar møtt opp med våpen og hakekors for å demonstrera mot tiltaka.

President Donald Trump har støtta demonstrantar som vil gjenopna økonomien og tok til Twitter for å be folk frigjera statane Michigan, Minnesota og Virginia, som alle har demokratar til guvernørar.

Facebook fjerna arrangement

CNN-reporter Donie O’Sullivan skriv på Twitter at Facebook har fjerna promotering av slike kampanjar i California, New Jersey og Nebraska.

Ein representant for Facebook stadfestar for nettstaden The Verge at dei forbyr promotering av protestar som bryt reglane om sosial distansering.

Så lenge arrangementa ikkje er forbodne av styresmaktene vil Facebook la dei vere, men dei vil ikkje la arrangørar promotera møter som bryt helseråda og som rår folk frå å ta omsyn til smittevernstilrådingane.

Ifølgje ei undersøking gjennomført av Pew Research Center 7.–12. april fryktar to tredelar av amerikanarar no at restriksjonane kan bli letta for tidleg, medan éin tredel fryktar dei ikkje vert letta i tide.

Facebook-gründer Mark Zuckerberg har sitt svare strev med å hamla opp med feilinformasjon og falske nyheiter om dagen. Foto: Anthony Quintano

Zuckerberg: – Viktig at folk kan debattere retningslinjer

I kampen mot falske nyheiter under koronpandemien annonserte Facebook nyleg at dei vil la brukarane få ei melding dersom dei har vore utsette for postar med desinformasjon om viruset, ifølgje Politico.

Mark Zuckerberg jobbar med andre ord for å sikra informasjonen som når brukarane. I eit intervju med Good Morning America seier Facebook-gründeren at Facebook ser på anti-karanteneprotestane som skadeleg desinformasjon og difor tek dei ned.

– På same tid er det viktig at folk kan debattere retningslinjer, så det er ei grense, meir enn ved den vanlege politiske diskursen. Eg meiner mykje av det folk seier som er usant rundt ei helsekrise som dette kan sjåast som skadeleg desinformasjon, seier Zuckerberg til radioprogrammet ifølgje The Wrap.

I tillegg har selskapet gått saman med forskarar ved Carnegie Mellon University for å la brukarar sjølv rapportere symptom på Covid-19 og har laga eit interaktivt kart basert på tala: