«Strøyming kan føre til at fleire kan delta i samfunnet»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I det siste har eg fått politiske diskusjonar, konsertar og møter rett inn i stova. Eg kan sitje i ro og mak saman med katten, og delta i samfunnet.

Kvifor er dette bra? Jo, fordi det finst mange i verda som av ulike grunnar ikkje klarar å gå på det møtet, den konserten, eller andre ting, som no har eit hav av moglegheiter under koronakrisa.

Strøyming kan føre til at fleire kan delta i samfunnet.

Åse Kleveland, akkompagnert av bandet The Salmon Smokers, var tysdag denne veka siste artist ut i Koronerulling-serien. Foto: handout

Hinder i kvardagen

Den gjennomsnittlege nordmann kunne bevega seg fritt før koronakrisa, men det gjeld ikkje alle. Til dømes dei med nedsett funksjonsevne.

Du klagar over å ikkje få gå på konsert, eller på kvissen på favorittplassen, den eine fredagen i månaden. Sånn er kvardagen for mange til vanleg i Noreg.

Dei kan ikkje vera spontane. Alt må planleggast, likevel kan det vera dei ikkje får gått.

Folk med nedsett funksjonsevne manglar timar til assistanse. Åleinemora manglar barnevakt. Ein kan ha ein sjukdom som gjer det vanskeleg å vera spontan og gjera det ein ynskjer.

Eller at du rett og slett bur i Distrikts-Noreg med lange avstandar. Du skulle vore på eit møte i Oslo på éin time, men bur 34 mil unna.

Det er krevjande både energiøkonomisk, for lommeboka og ikkje minst miljøet. Ja, ein nyttar og straum til nettrafikk, eg veit det. Og å møtast ansikt til ansikt er veldig sosialt og bra for oss menneske, me er flokkdyr.

Heimekontor til vanleg

Men om samfunnet oftare tilbyr strøyming enn før, som eit alternativ til dei som verkeleg ikkje kan møte opp, trur eg fellesskapet kan vinna på det.

Ofte er det ikkje viljen det går på, om ein vil kome seg rundt på møter og andre aktivitetar. Såklart, om eg kan velje så står eg mykje heller saman med ein ven på konsert, eg møter opp på det møtet, men veldig ofte går det ikkje opp i livet mitt.

Eg sit sjølv i rullestol, og har to born, så eg veit litt kva eg snakkar om. Eg har hatt heimekontor i mange år og synes det er utfordrande, men det gjev meg moglegheit til at oppdragsgjevaren kan sitje kor som helst. Det gjer at eg kan jobba når kroppen vil, utan at eg treng å bevega meg heile tida.

Kan styrka demokratiet

Klimaavtrykk må ein halda fram å tenkje på og vise måtehald. Me må påverka store aktørar i nettbransjen til å tenkja å grønare energi å køyra tenestene sine på.

Ein må kanskje vera flinkare til å sjå på Netflix saman med ein ven. Når ein kan, så må ein kanskje logga av, og vera til stades i det verkelege liv. Det er det beste.

Men eg trur strøyming kan hjelpa mange og faktisk styrka demokratiet. Om det då vert lettare å strøyma møte i politikken, kan menneske som slit med å møta opp fysisk delta over nett.