Politikk og samfunn

«Enkeltmenneske kan ikkje bestemme seg for å ikkje vere sjuke»

Dei borgarlege partia sine forslag om kutt i velferdsordningane for sjuke menneske byrjar i heilt feil ende, skriv Simen Bondevik i Partiet Sentrum.

Simen Bondevik (23)
Sentralstyremedlem, Partiet Sentrum
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I Framtida kunne vi nyleg lese om tre av dei borgarlege ungdomspartia sine forslag til innstrammingar i velferdsordningane våre. Unge Venstre vil kutte i sjukelønnsordninga, og innføre ein eigendel for folk som er sjuke. Høgre sin nestleiar Henrik Asheim har tidlegare teke til orde for å ikkje gi folk under 30 år uføretrygd. Liknande løysingar tek også FpU til orde for i sitt politiske program. Eg meiner dette er svært dårlege forslag som vil gå hardt utover livskvaliteten til sjuke og sårbare menneske.

Dei borgarlege partia sine forslag om kutt i velferdsordningane for sjuke menneske byrjar i heilt feil ende. Problemet er ikkje at folk er sjuke eller har funksjonsnedsetjingar som hindrar moglegheit for arbeid. Ingen har eit ønskje om å vere sjuk og ufør. Problemet er at vi har eit arbeidsliv som ikkje er inkluderande nok. Alle som ønskjer det får per i dag ikkje moglegheit til å jobbe. Å kutte i uføretrygd og andre velferdsordningar løyser ikkje dette problemet.

Tapte ressursar

Over 100.000 menneske med nedsett funksjonsevne står ufrivillig utanfor arbeidslivet, sjølv om dei både vil og kan jobbe. Dette er tapte ressursar og arbeidskraft for samfunnet vårt. Samfunnsskapte barrierar, som mangel på universell utforming, og fordommar og uvitskap blant arbeidsgjevarar gjer at høgt kvalifiserte personar ikkje får jobb.

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon sin rapport «Flytt deg, vi har ein jobb å gjere!» tek for seg nettopp denne tematikken. Der kjem fleire konkrete anbefalingar til politiske tiltak som bør setjast i verk for å få ein slutt på diskrimineringa av funksjonshemma i arbeidslivet. Blant anna peikar rapporten på behovet for universell utforming av arbeidsplassar, auka krav til rekrutteringsstrategi av funksjonshemma for større bedrifter og betre informasjon om den økonomiske støtta arbeidsgjevar kan få ved tilrettelegging.

Politikaransvar

I Oslo bystyre har vi i Partiet Sentrum fremja eit privat forslag om rekruttering av menneske med nedsett funksjonsevne. Der kjem vi med fire konkrete forslag til tiltak for auka rekruttering av funksjonshemma i Oslo kommune. Forslaga inneber blant anna auka rapporteringskrav om innkalling til jobbintervju, ekstern vurdering av Oslo kommune sine rekrutteringsprosessar og skolering av sentralt rekrutteringspersonell. Eg håpar FrP, Høgre, Venstre og resten av partia i Oslo bystyre vil støtte desse forslaga når dei skal behandlast i bystyret til hausten.

Enkeltmenneske kan ikkje bestemme seg for å ikkje vere sjuke eller å ikkje bli diskriminerte ut av arbeidslivet. Men vi som politikarar kan setje i verk tiltak som gir fleire menneske moglegheit til å kome ut i arbeid. Det er det den politiske debatten først og fremst bør dreie seg om.