Slutt for Koronerulling – 82 artistar fekk inn tilsaman 4,5 millionar kroner

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Koronerulling var først ut med konsertproduksjonar filma på ei scene i profesjonelt fleirkameraformat. Det gjorde at ikkje berre artistane vart hjelpte – men også fleire ledd i bransjen rundt dei.

Bak stod Christer Falck i den nye jobben sin som dagleg leiar i HES & Falck, og han seier til NTB at ein no «går over i ein ny fase av prosjektet».

Åse Kleveland, akkompagnert av bandet The Salmon Smokers, blir siste artist ut i Koronerulling-serien. Foto: handout NTB kultur

82 konsertar sidan 18. mars

Når dei to siste Koronerulling-konsertane er sende tysdag kveld, med Åse Kleveland og med Kjetil Bjerkestrand & Tore Brunborg, har totalt 82 slike konsertar gått av stabelen på desse seks vekene.

Konsertopptaka har passert to millionar visningar, og har samla inn 4,5 millionar kroner frå over 33.000 givarar. Mykje har gått til det Falck kallar «artistane og flokken deira», andre har valt å gi pengane vidare – som til dømes Odd Nordstoga, som kunne donere ein halv million kroner til Røde Kors etter ein konsert sett av 70.000 på nett.

Nordstoga sa til NTB at han først var skeptisk til slik livestrøyming:

– Medan alle andre grupper fekk millionar av staten, skulle musikarar setje seg ned og spele ein konsert på Facebook med eit Vipps-nummer? Det er ikkje slik ein kan redde kulturbransjen, sa musikaren – som snudde om og stilte på Koronerulling-scenen 26. mars.

Christer Falck i HES & Falck hadde prosjektleiinga og ideen til Koronerulling. Etter seks veker og 82 konsertproduksjonar, er det over for konsertserien – og prosjektet går no over i neste fase, blir det meldt. Her med Odd Nordstoga, som spelte for 70.000 26. mars og samla inn ein halv million kroner til Røde Kors. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Betalte rekningane

Mot slutten av april, når slike proffe fleirkameraproduksjonar frå elles stengde konsertscener har vorte fleire, har det òg dukka opp kritikk frå bransjehald – rundt dette med at ein «gir bort» musikk og er med på å skape trafikk for sosiale mediegigantar.

Christer Falck påpeikar at Koronerulling-serien har «gitt hundrevis av musikarar og teknikarar inntekter og arbeid», i tillegg til tilsette ved utestaden Sentralen og produksjonsselskapet Millimedia og hans eige firma som stod for prosjektleiinga.

I ein Facebook-post utdjupar han:

– Parallelt med dette har vi tenkt «kor mange konsertar skal vi køyre før vi plasserer det bak betalingsmur? Av ein eller annan grunn har den tanken kjentest mindre viktig enn å sjå at det vi driv med faktisk sørgjer for at husleiga blir betalte, at artistar får betalt sitt crew – som gjerne slit endå meir enn dei sjølv gjer, og at artistar får lønn for å spele. Og ikkje minst, at dei faktisk får spelt. Vi har heile tida tenkt, dette med betalingsløysingar hastar litt mindre, og så lenge beløpa framleis er av så stor tyding for økonomien i artistar, så køyrer vi på.

No er Koronerullinga over, men konsertopptaka eksisterer. Falck har tidlegare sagt til NTB at artistane både sjølv kan bruke dei, og at dei seinare kanskje kan gå vidare på nye plattformer.

Bendik. Foto: Ole Martin Halvorsen/Presse