«Kultur må vera universelt tilgjengeleg til å delast. Diskrimineringa på dette feltet må stoppa no»

Mari Hansen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mari Hansen er frilansjournalist for Framtida.no. Meininga er skriven for eiga rekning.

«Eg kan ikkje vere mester uten flere krefter» syng Gabrielle i «Regn fra blå himmel». Eg sit litt med blanda kjensler etter den fantastisk vakre konserten på Verftet i Bergen, laurdag. Gabrielle leverte som berre ho kan.

Eg og mannen min hadde gledd oss til ein kveld med kvarandre. Fyrst fekk me problem med hotellet som hadde surra med bestillinga og mangla handikaprom. Me vart send til eit anna hotell i kjeda – eit dyrare utan ekstra kostnad. Så glade me var for at det ordna seg.

Godt plassert på Verftet av ein koseleg vakt, endra gleda seg. Etter ei kort stund fekk mannen min beskjed om å flytte seg. Eg vart sittande att med ein uggen kjensle i magen. Eg prøvde å nyte den fine stunda – med ein magisk songfugl. Men stunda hadde vore endå finare med «min kjære».

Eg meiner at kommunen og fylket må setje som eit krav til arrangørar at kultur må vera universelt tilgjengeleg til å delast med ein god ven eller kjærast. Eg skulle likt å sett at dette hadde skjedd med eit par der begge var funksjonsfriske. Me hadde bestilt lenge på førehand. Eg mistenker at arrangørar ikkje registrar konsertgjengarar med særskilte behov med ledsagar godt nok. Det må nok til.

Dette har skjedd før på Bergen Live sine konsertar på Koengen. Det er ei stund sidan sist. Forrige gong var det på Bergen Fest for to år sidan. Då fekk ikkje vennene våre stå med oss. Det har og skjedd med meg og mannen min før, under ein Bruce Springsteen-konsert på Koengen. Då stod Kim rett framføre meg, så då godtok eg det. Men denne gongen klarte eg ikkje å sjå han att. Det var kjempekjipt. Eg er skuffa og eg sit med kjensla av å verte behandla dårleg.

Dottera mi har hatt lyst til å gå på konsert, men eg kvir meg for å ta ho med. Kva om eg ikkje får stå i lag med ho?

Diskrimineringa på dette feltet må stoppa no.

Portrettfoto av Mari Hansen: Privat/Bakgrunnsbilete: Unsplash.