Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skulle gjerne lese meir, for det er så godt for psyken, men tida strekker ikkje til, fortel Ane Barmen på e-post til Framtida.no og legg til:

– Men eg prøvar å vere tilgjevande overfor meg sjølv. Småbarnsforeldre er ikkje dei som har mest tid til å lese. Om nokre år!

Vågsøyværingen debuterte i haust med ungdomsromanen Draumar betyr ingenting, ei bok som skaffa ho Brageprisen og seinast ein nominasjon til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris.

Framtida.no sin bokmeldar meinte situasjonar og følelsar tidvis vart «skildra så godt og gjenkjenneleg at ein i små augeblikk gløymer at det ein les er fiksjon».

Ane Barmen arbeider også som lydbok-innlesar, så i tillegg til å prøve å leggje vekk mobilen til fordel for ei god bok i kvardagen, får ho lese ein heil del på jobb.

Kor mange bøker det vert i året, har ho derimot ikkje oversikta over:

– Eg tel ikkje kor mange bøker, for lesing er ikkje ein konkurranse.

Vi har kika på kva bøker ho har i bokhylla si:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Ein drittjukk biografi om Hulda Garborg som eg berre ikkje orkar å lese. Ho er så diger. Men ho ligg så fint der under lampa.

Og så er eg midtvegs i Søsterklokkene av Lars Mytting, den likar eg veldig godt.

Og så – ikkje døm meg, eg elskar henne – den siste boka til Lilli Bendriss. Du er klarsynt eller kva den no heiter. Eg er blodfan av henne og Åndenes makt, og eg trur vi har eit spøkelse i hus som eg vil ta ein prat med. Så no skal eg bli synsk, er planen.

I boka «Du er klarsynt. 7 trinn til å aktivere dine evner» tek Lilli Bendriss føre seg korleis ein kan trene seg opp til å vere klarsynt. Foto: Kagge Forlag

Kva bøker les du helst?

– Heilt vanleg drama, om det er ein sjanger? Eg slit med krim og fantasy og dystopiar og sånt. Eg vil lese om vanlege folk som gjer vanlege ting. Då blir eg absolutt mest fenga.

Ane Barmen fortel at ho er ekstremt lettrørt, og den boka som sist fekk ho til å ta til tårene var Tarjei Vesaas si Fuglane i fjor vår:

– Eg gjorde den tabba å lese siste kapittelet på t-bana. Boka hadde eigentleg ikkje gripe meg noko særleg før sånn midtvegs, men då blei eg til gjengjeld ekstremt engasjert. Då Tusten drog ut med den båten … Nei, det var knallhardt. Då byrja eg å hylgrine. På t-bana, der altså.

Dette er bøkene som fekk Ane Barmen til å grine, le, verte sint og tenkje.

Samstundes var ho overraska over kor laust latteren sat med vittige Jane Eyre, og vart tankefull av Velkommen til dyrehagen.

Camara Lundestad Joof si Eg snakkar om det heile tida gjorde ho derimot fullstendig rasande:

– Tenk at dette er ekte. Tenk at vi har så mykje rasisme i samfunnet. Vi må seriøst skjerpe oss.

Kor les du?

– På t-bana og bussen på veg til jobb, på jobb (i studio, som innlesar) og i sofaen i eitt og anna ledig minutt.

Kva bok vart lesen til deg som liten?

– Mamma er norsklærar og veldig glad i bøker, og ho las mykje for meg. Ho las berre det ho sjølv likte, så eg fekk aldri høyre Anne Cath. Vestly. Ungane der var altfor veloppdragne, meinte ho.

Alt av Astrid Lindgren og Roald Dahl og Michael Ende, derimot. Åh. Hjarte.

Barnebøkene til Astrid Lindgren inneheldt ungar som ikkje var for veloppdregne, og vart difor lesne høgt av norsklærar-mora til Ane Barmen. Foto: Dagbladet/Norsk Folkemuseum CC BY-NC-ND

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

«Trollbundet» var den første av 47 bøker i serien «Sagaen om Isfolket».

– Bortimot alt. Eg var fullstendig ukritisk, tykte mest alt eg las var sterkt og nydeleg. Det var det fine med å vere tenåring.

Eg var ein bokorm og las alt eg kom over. Eg var fullstendig hekta på Margit Sandemo (Sagaen om Isfolket kjem eg til å elske til min døyande dag). Og den svenske forfattaren Per Nilsson hadde mange bøker i Ungdomsbokklubben, som mamma melde meg inn i, og eg las Hjertets fryd ørten gongar. Den er fin.

Og så las eg Kristin Lavransdatter av Undset, og noko Amalie Skram. Likte dei også veldig godt.

Ein del dikt gjorde ekstremt sterkt inntrykk. Gløymer aldri då eg las Elsk frå Haugtussa av Garborg for fyrste gong då eg sjølv var stormforelska som fjortis. Eg visste AKKURAT kva Garborg meinte.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Eg hadde kjend meg ganske høg og mørk om eg kunne skryte på meg Markens grøde. Og Vinternoveller av Ingvild Rishøi, den er vedunderleg.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Ei bok som gjev deg noko utover å berre underhalde er god, sånn eg ser det. Når ein forfattar får deg til å tenke nytt om noko, eller gjev deg trøyst og attkjenning, får deg til å kjenne deg litt mindre åleine. Ei bok med karakterar du blir gåande og tenke på lenge etter at ho er utlesen.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Kanskje Elizabeth Bennett i Stolthet og fordom av Jane Austen? Skarp i kantane og kjapp til å dømme. Men eg er ikkje så manisk oppteken av turgåing som henne.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Jon Fosse. Han verkar så innmari seriøs, men eg trur han er ein luring bak det alvorlege ytret. Eg skulle bydd på dyr raudvin for å imponere han, og så skulle vi snakka om skriving og nynorsk og dramatikk og røvarhistorier frå fylla.

Ane Barmen trur Jon Fosse er ein luring bak dette alvorlege ytret. Foto: Tom A. Kolstad, Samlaget

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Eg trur det måtte blitt Hamsun. Han har skrive nok til at eg har lesestoff ei stund, og det er alltid noko å bryne seg på hos han. Pluss at språket hans er ein fest å vere i.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Ei mutt tenåringsjente frå ytre Nordfjord som aldri har spelt i noko før, men som er full i faen. Og som har rulle-r.

Les også: Forfattar og journalist Ellen Emmerentze Jervell ville gjerne opplevd livet i Tromsø på seint 1800-tal, saman med forfattar Cora Sandel

Foto frå Tromsø kring 1890-1895: Ukjend/Norsk Teknisk Museum/CC BY-SA 4.0, Cora Sandel: Nasjonalbiblioteket / CC-lisens

Ane Barmen

Alder: 35 år

Frå: Vågsøy, Sogn og Fjordane

Yrke: Skodespelar, lydbokinnlesar og forfattar