Bokdebutant Ane Barmen er nominert til nok ein storpris
Vågsøyværing Ane Barmen er nominert til Nordisk råds litteraturpris for barn og ungdom for debutboka Draumar betyr ingenting.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Torsdag 2. april vart dei nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2020 offentleggjort.
Ane Barmen har hausta nok ein gjev nominasjon for debutboka si Draumar betyr ingenting som kom ut på Gyldendal i fjor haust.
Det andre norske innslaget på nominasjonslista er Åse Ombustvedt og Marianne Gretteberg Engdal si diktbok Når er jeg gammel nok til å skyte faren min?.
Her kan du sjå lista over alle dei 14 nominerte.
– Gløymer at ein les fiksjon
Romanen Draumar betyr ingenting handlar om 17 år gamle Louise som til vanleg bur på hybel i Ålesund, men reiser tilbake til heimbygda etter skuleåret er over og får seg sommarjobb på sjukeheimen.
– Eg har avtalt med mannen min at dersom det vert meldingar av boka, så skal han lese dei først og eventuelt gje meg beskjed – OBS, her vert det slakt – slik at eg kan stålsetje meg, sa Ane Barmen i eit intervju med Framtida.no då Draumar betyr ingenting først kom ut.

Draumar betyr ingenting er debutromanen til Ane Barmen. Foto: Bente Kjøllesdal
Til no har ho ikkje vore nøydd til å stålsetje seg. I november i fjor vann vågsøyværingen Brageprisen for boka, og juryen rosa romanen for å ta «ungdoms livsverd på det største alvor».
Hjå Framtida.no sin bokmeldar sat lovorda tilsvarande laust:
«Beskrivingane i boka er så levande at det er lett å førestille seg kva som skjer og føle med Louise, av og til vert situasjonar og følelsar skildra så godt og gjenkjenneleg at ein i små augeblikk gløymer at det ein les er fiksjon.»
Prisen vert delt ut 27. oktober, og vinnaren mottek prisstatuetten Nordlys, samt 350 000 danske kroner (kring 525 000 norske kroner).