Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 20.02.2020 11:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at bestevenen Tormod døydde i vinterferien i fjor, flytta Louise på hybel i Ålesund for å få ein ny start.

No er det sommarferie, og ho er heime igjen. Bestemora hennar skal snart verte gravlagd, storesystera er stadig like irriterande, sommarjobben på sjukeheimen er kjip, og den gamle veninna Linn trengjer seg på, men viktigast er det at hòlet etter Tormod fyllast.

Tenåringsspråk

Draumar betyr ingenting skildrar på ein fin måte  opp- og nedturane i eit tenåringsliv.

Som lesarar kjem me tett på Louise. Boka er skriven frå hennar synsvinkel og blottlegg Louise sitt liv. Me får vita alt om kva ho tenkjer, føler og gjer.

Språket i boka verkar naturleg og er slik som ein tenåring kunne ha skrive, utan at det vert tungt å lesa.

Beskrivingane i boka er så levande at det er lett å førestille seg kva som skjer og føle med Louise, av og til vert situasjonar og følelsar skildra så godt og gjenkjenneleg at ein i små augeblikk gløymer at det ein les er fiksjon.

Småbarnsliv og demens

Forteljinga hoppar fram og tilbake i tid mellom tida før Tormod døydde då alt var bra og notida som er prega av uro og kaos, slik forstår me lett omveltingane i Louise sitt liv.

Samstundes hjelper denne vekslinga mellom fortid og notid å halde spenninga oppe, for me får aldri vite alt det me lurer på før handlinga hoppar fram eller tilbake i tid.

Sjølv om hovudfokuset er på Louise sitt liv klarar boka å skildre andre livsfasar som storesystera Isa sitt småbarnsliv og Karen, ein av bebuerane på sjukeheimen der Louise jobbar, sitt tilvære som dement, dette kan gjere at boka er relevant for fleire.

«Dette vil eg lesa meir av»

Det er lett å kjenne seg igjen i Louise og det gjer at eg trur Draumar betyr ingenting passar bra for dei mellom konfirmasjonsalder og slutten av vidaregåande, men boka kan godt lesast av vaksne òg.

Draumar betyr ingenting har i underkant av 200 sider, men kunne godt vore lengre. For denne boka er som ein god TV-serie du berre vil binge i eit strekk. Eg håpar Ane Barmen snart skriv ei ny bok, for noko som dette vil eg lesa meir av.

Les også intervjuet: Bokdebutant Ane Barmen om å vere 17 år og kjenne seg åleine i sorg

Ane Barmen hugsar godt augeblikket ho først fekk sjå si eiga bok: – Eg sat på jobb, og fekk melding frå redaktøren om at «no er ho her». Eg slapp alt, og pilte herifrå Solli til Gyldendalhuset. Eg fekk boka i hendene, og hylgrein. Foto: Bente Kjøllesdal

«Draumar betyr ingenting»

Forfattar: Ane Barmen

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag

Utgitt: 2019

Sjanger: Ungdomsroman