Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Journalist og forfattar Ellen Emmerentze Jervell (29) er aktuell med sin andre roman Bra kunst om menn, om kunstnarbohemen Magnus som lovar seg sjølv å legge om på livet.

Framtida.no sin bokmeldar kallar boka eit meisterverk, som «ein lett kan lese i eit strekk».

Jervell si første bok Fjellfolk kom ut i 2018, og var ein debut som vart lagt merke til. Ho var mellom anna blant forfattaren som vart løfta fram av tyske Die Welt som ei av dei lovande nye norske stemmene i litteraturverda.

Sjølv fortel Jervell at kor mykje ho les er avhengig av humøret, og ho les mest når ho er glad:

– I fjor las eg 64 bøker, så då må eg ha vore glad nesten heile tida. Kanskje vert eg glad av å lese? undrar 29-åringen.

Vi har teke ein titt på kva bøker som står i bokhylla til forfattaren: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Jeg har ennå ikke sett verden av Roskva Koritzinsky,  L’art de Perdre (Kunsten å miste) av Alice Zeniter og August av Knut Hamsun.

Kva bøker les du helst?

Eg les gjerne underlege romanar om folk som gjer ting dei veit dei ikkje bør gjere, eller triste bøker som er forkledde med humor, som Ingvild Lothes nyaste bok Havfruehjerte.

Foto av Ingvild Lothe: Kolon Forlag. Utdrag frå romanen Havfruehjerte (2019)

Av og til fryktar eg at eg berre les ting som bekrefter alt eg tenker og føler allereie, og akkurat det er litt urovekkjande. Då får eg lyst til å lese masse science fiction i staden. Det har framleis ikkje skjedd, men kanskje denne virus-tida er eit passande tidspunkt å begynne.

Kor les du?

Eg likar å ligge på magen i skuggen av eit tre om sommaren eller i nærleiken av flammer om vinteren. Men det er faktisk ikkje så nøye. Eg les overalt, også medan eg går gatelangs på veg heim frå butikken. Eg vert ofte tuta på.

Dette er bøkene som fekk Ellen Emmerentze Jervell til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bok/bøker vart lese til deg som liten?

Mor mi las høgt frå Tusen og én natt (for barn) og bøkene til dei tyske barnebokforfattarane Erich Kästner, Michael Ende og Janosch. Kästner si bok om to tvillingar som vart åtskilde frå fødselen og så møttast igjen seinare i livet masa eg meg til å få høyre mange, mange gongar.

Disney-filmen The Parent Trap (1998) er faktisk basert på Kästner-boka Das doppelte Lottchen om dei åtskilde tvillingane: 

https://youtu.be/yx4M6TqAgAw

Far min føretrakk å finne på historier om modige vikingjenter og lese Odysseen for meg når eg ikkje fekk sove.

Mormor las frå alle slags underlege danske barnebøker frå første halvdel av 1900-talet. Min favoritt var ei som heitte Spørge-Jørgen som hadde melodi og måtte framførast som song.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Francesca Lia Block sin Dangerous Angels-serie består av sju bøker.

Det må vere Dangerous Angels-serien til den amerikanske forfattaren Francesca Lia Block. Bestevenninna mi og eg var heilt opphengde i den på ungdomsskulen.

Bøkene føregjekk i eit alternativt L.A. og hadde bokomslag som osa mystikk og utland – dei var uimotståelege!

Det tok ikkje lang tid før vi fann våre alter ego i Block sitt romanunivers. Mi venninne vart den svartkledde og melankolske Witch Baby, medan eg vart hennar utsvevande søster Cherokee… som alltid gjekk med venger på ryggen (?), meiner eg å hugse.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Eg ynskjer jo å skrive mine eigne bøker! Eg arbeider noko infernalsk med dei og vert ein heilt annan person når eg skriv. Så les eg etterpå og tenkjer ofte: oi, da! Det er det forresten mange av lesarane som har sagt òg.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Eg er ein intuitiv person som oftare let kjensler enn det analytiske styre, og slik held eg meg til bøker òg. Eg kjenner det på heile kroppen når ei bok er god.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Günter Grass har skrive ein roman om ei rotte. Den rotta kjenner eg meg att i.

Og hovudpersonen i Fjodor Dostojevskij sin roman Opptegnelser fra et kjellerdyp, ein mann som har låst seg inne i ein kjellar.

Begge desse karakterane lever på sidan av samfunnet og observerer verda rundt seg frå sitt eige, merkelege perspektiv. Dei har lite å tape, og det synest eg er eit godt utgangspunkt for tenking.

Eg kjenner meg også igjen i eg-personen i romanane til Annie Ernaux. Men hennar bøker er jo autofiktive, så eg er litt usikker på kva det betyr.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Cora Sandel! Eg vil gjerne høyre meir om korleis ho opplevde livet i Tromsø på slutten av 1800-talet. Kanskje eg kunne lurt meg til eit lite målekurs frå ho òg, etter desserten. Så kan vi måle og filosofere saman til natta er omme.

Ellen Emmerentze Jervell ville gjerne opplevd livet i Tromsø på seint 1800-tal, saman med forfattar Cora Sandel. Slik såg Tromsø ut kring 1890-1895. Foto: Ukjend/Norsk Teknisk Museum/CC BY-SA 4.0, Cora Sandel: Nasjonalbiblioteket / CC-lisens

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Eg prøver meg på noko liknande rett som det er. Når eg les ei bok eg likar, er min første reaksjon litt for ofte å bestille resten av forfattarskapen på biblioteket og så å byrje å lese alt frå start.

Sist gjorde eg dette med Henrik Ibsen, Sara Stridsberg og Hermann Hesse. Den forbløffande insikta er at ein kan få nok. Sjølv av det ein elskar.

Boka di (evt. ei av bøkene dine) vert gjort om til film – og kven skulle spelt hovudrolla?

Om Bra kunst om menn skulle vorte til film, har eg nokre heilt klare førestillingar om kven som kunne eigna seg. Men det er hemmeleg! Lesarane skal få ha sine eigne bilete i hovudet.

Les også om Heidi Sævareid som ville invitert Mummi-skapar Tove Jansson på whisky. 

Foto: Lidia Drzewiecka/Gyldendal, Hans Gedda / Wikimedia Commons

 

Ellen Emmerentze Jervell

Alder: 29

Frå: Vollen/Berlin

Utdanning: Journalistikk og Fransk språk og litteratur

Yrke: Forfatter