Ny forsking: Virusspreiing kjem av menneskeleg aktivitet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser forsking frå ei gruppe amerikanske forskarar publisert i tidsskriftet Proceedings of the Royal Society B.

Forskarane har undersøkt meir enn 140 virus som har smitta frå dyr til menneske og kryss-sjekka det med ei oversikt over trua dyreartar.

Rundt 70 prosent av sjukdomsframkallande organismar i mennesket kjem frå andre dyr til menneske, såkalla zoonotiske sjukdommar.

Mistar levestadar

Risikoen for smitte mellom dyr og menneske er størst når dyreartar mistar levestadane sine.

– Dataa våre viser korleis utnyttinga av dyreliv, og øydelegginga av naturlege habitat spesielt, er ei underliggjande årsak til smitteoverføring, som utset oss for risiko for framveksande infeksjonssjukdommar, seier Christine Johnson, hovudforfattar bak studien og forskar ved fakultetet for veterinærmedisin ved University of California.

I fjor åtvara FNs naturpanel om at opp mot 1 million artar risikerer å bli utrydda som følgje av menneskeleg aktivitet. Rapporten viste òg at 75 prosent av landområde og 40 prosent av havområde har vorte alvorleg svekt av menneskja.

Kvegindustrien er ansvarleg for mykje av avskoginga som har råka Amazonas-regnskogen i Brasil. Satelittbiletet er teke sommaren 2017. Foto: Sentinel Hub

Avskoging er eit spesielt stort problem. Ville pattedyr slit med å tilpasse seg når dei mistar levestaden sin. Dermed blir dei tvinga til å leve tettare på menneske som skapar «perfekte forhold» for smittespreiing frå dyr til menneske, ifølgje Johnson.

Koronavirus

Rundt 75 prosent av zoonotiske sjukdommar stammar frå husdyr, primatar, flaggermus og rotter, ifølgje studien.

Covid-19 er blant sjukdommane som har komme som følgje av at eit virus har vorte overført frå eit dyr til menneske. Det blir mistenkt at koronaviruset stammar frå flaggermus eller pangolin. Begge er rekna som delikatesser i Kina, der pandemien starta.

Kina har sagt at dei no vil forby handel og konsumering av ville dyr.

Forbod mot sal av ville dyr

Greenpeace er blant organisasjonane som har teke til orde for eit verdsomspennande forbod mot sal av ville dyr. Onsdag bad dei EU om å jobbe fram eit forbod for å verne folkehelsa og biomangfaldet i verda.

Forskarane bak studien ber òg politiske leiarar om å ta ansvar.

– Så fort denne folkehelsekrisa er over, håpar vi at avgjerdstakarar kan fokusere på pandemiberedskap og risikoførebygging av zoonotiske sjukdommar, spesielt når det blir utvikla reglar for miljø, medverknad av landområde og dyreressursar, seier Johnson.