Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har avtalt med mannen min at dersom det vert meldingar av boka, så skal han lese dei først og eventuelt gje meg beskjed – OBS, her vert det slakt – slik at eg kan stålsetje meg.

Det fortel Ane Barmen då Framtida.no møter 34-åringen frå Vågsøy på ein kafé i Oslo.

No kan skodespelaren og skribenten også hekte «forfattar» på yrkestitlane sine, for ho er aktuell med sin første roman – ungdomsboka Draumar betyr ingenting.

Det 17-årige livet

Romanen handlar om 17 år gamle Louise som til vanleg bur på hybel i Ålesund, men reiser tilbake til heimbygda etter skuleåret er over og får seg sommarjobb på sjukeheimen.

Louise kjem ikkje overeins med storesystera si, unngår vennane ho ein gong hadde på heimplassen, og kjempar mot eit sakn ho ikkje maktar. Det er eitt år sidan bestevennen hennar Tormod døydde, og kvardagen er framleis tung å møte utan han.

– Det handlar om å bearbeide eit veldig stort tap når du er veldig ung – på veg ut i livet – og alt det 17-årige livet fører med seg, som å ville feste, skaffe øl, smugrøyking og krangel med søsken, forklarar Barmen.

– Det er dei veldig kvardagslege tinga blanda med eksistensielle problemstillingar.

– Eg har skrive ekstremt lenge på boka, så det at den har kome ut og at den finst, det er tilfredsstillande, skummelt og beroligande på ein gong, seier Barmen. Foto: Bente Kjøllesdal

Frå Hotel Cæsar til Gyldendal

Skrivegleda har Barmen hatt sidan ho var lita – «frå eg kunne halde ein blyant», som ho sjølv seier – og ho har tidlegare arbeidd som dialogforfattar til Hotel Cæsar og som manusredaktør. Dei siste åra er det likevel skodespel og å lese inn lydbøker som har prega arbeidskvardagen, ikkje å setje penn mot papir.

Då Gyldendal for nokre år sidan lyste ut plassar på ein skriveskule var Barmen snar å søke. Særleg no, med ei ferdig bok i hendene, er ho takksam for å ha sloppe gjennom nålauget.

– Då eg kom på skriveskulen, og der var mange litteraturfolk, journalistar og smarte skrivefolk, så tenkte eg: Har eg noko å bidra med? seier Barmen.

34-åringen merka fort at endå ho ikkje hadde litteratur i margen på same vis, så var kjernen i forfattarvirke lik den i skodespelaryrket: Det handla om historieforteljing.

Etter fullført skriveskule fekk deltakarane kvar sin redaktør, og Barmen fekk ei avgjerande tilbakemelding: Teksten ho arbeidde med, om to gamle damer på ein sjukeheim og ein hovudkarakter i midten av 20-åra, det burde verte ein ungdomsroman. Erfaringane og språket resonnerer hjå unge.

– Så då tenkte eg: Okey, då prøvar eg å skrive ei kick ass ungdomsbok! forklarar Barmen.

Men dei store endringane var ikkje nødvendige:

– Eg har halde fram med å skrive som om det er til vaksne, for 17-åringar er vaksne på veldig mange måtar. Dei er enormt smarte, og eg har ikkje lyst til å undervurdere dei.

Åleine i sorga

Inspirasjon til romanen har Barmen henta frå sin eigen oppvekst. Ho har sjølv budd på hybel, brukt ein sommar i uniform på sjukeheim, og mista nokon som døydde altfor ung.

– Det å kjenne seg så vanvitig åleine i det – det er mitt eige, seier forfattaren.

– Det å ville dekke over at du har det vanskeleg kjenner eg veldig igjen frå meg sjølv i den alderen. Det å vere litt tøff i trynet, og late som alt går fint, sjølv om det ikkje gjer det – det veit eg litt om.

Men elles var ikkje forfattaren særleg lik hovudkarakteren sin Louise, då ho sjølv var 17 år gamal. Ho verken røykte eller drakk, og var heller ei «snill jente». Barmen gjekk på musikklinja og ville helst berre spele piano eller gå på hybelbesøk for å drikke te.

– Eg har vore ganske stressa heile sommaren, men det å berre ha kvardag igjen – å levere i barnehagen, gå på jobb, hente i barnehagen og lage middag – er godt for psyken, seier Ane Barmen. Foto: Bente Kjøllesdal

Livet kan verte bra

Til no har ektemannen til Ane Barmen hatt få åtvaringar å kome med. Boka har vorte godt motteken: I Dag og tid skriv bokmeldaren at «nokre av scenene er så godt fortalde at dei eksploderer i hovudet» og konkluderer med at «denne debuten vil eg setje to strekar under».

Sjølv håpar debutanten at boka også når unge som ber liknande bagasje som ho sjølv og hovudkarakteren Louise:

– Om det er nokon som les den som har opplevd noko av det same og kan føle at det går an å ha eit bra liv likevel – då har eg oppnådd noko. Livet kan gå vidare og livet kan verte bra, sjølv om det ikkje vert heilt slik du hadde tenkt. Du må tore å gje slepp, og tore å la folk hjelpe deg.