Russen med massesøksmål etter avlyst landstreff i Kongeparken
Advokatfirmaet Elden DA representerer russ 2020 som no går til sak mot Landstreff Stavanger i Kongeparken for å få pengane tilbake for avlyst arrangement.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det var venta over 14.500 russ til Landstreff Stavanger i Kongeparken, som er eitt av fleire arrangement som er avlyste på grunn av koronaviruset.
– Vi har vore i dialog med representantar frå russen i ettermiddag. Allereie no stiller 500 seg bak eit krav om tilbakebetaling. Det er nok til at vi kan køyre i gang ein rettsleg prosess, seier advokat Svein Kjetil Lode Svendsen i Advokatfirmaet Elden DA til NRK.
Ifølgje han er jussen i saka «ganske grei».
– Russen har til saman betalt inn nokre titals millionar kroner til eit arrangement som det ikkje blir noko av. Då har dei krav på å få pengane tilbake.
Forbrukarrådet har ved fleire høve påpeika det same.
- Les også intervjuet med fire unge om livet i koronakrisa: – Det byrjar å skli litt ifrå kvarandre
Fryktar konkurs
Lund Gruppen tilbaud russen eit festivalpass til eit lite utval musikkfestivalar i år eller neste år eller to sesongkort i Kongeparken, noko rundt halvparten av russen skal ha akseptert, ifølgje pressekontakt Aasmund Lund.
– Vi har ingen moglegheiter til å betale dette utan å gå konkurs, seier Lund.
Kongeparken kan ende med eit samla krav på mot 20 millionar kroner viss resten av billettkjøparane sluttar seg til massesøksmålet. Facebooksida «Gi russen tilbake LS-pengane» hadde tysdag kveld rundt 4.700 medlemmer, mange av dei foreldre.
- Treng du noko godt nytt i desse dager? Desse Instagram-kontoane gjer det glad!