Utfordringar for folkehøgskulane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marit Asheim er informasjonsrådgjevar i Folkehøgskolene. Foto: Folkehøgskolene

Korona-pandemien skaper spesielle utfordringar både for utanlandske elevar og fleire folkehøgskuleklasser på reiser i utlandet.

– Vi har ikkje eit samla tal sentralt hos oss på kor mange elevar som var på studietur i utlandet då skulane blei stengde 12. mars, men det var fleire klasser frå ulike folkehøgskular, seier Marit Asheim, informasjonsrådgivar i Folkehøgskolene, til Nationen.

Berre eit fåtal elevar att i utlandet

Mange folkehøgskular har hatt reiser i ei rekke land som ein sentral del av undervisningsopplegget denne vinteren og våren.

– Dei aller fleste av elevane som var på utanlandsreise då skulane blei stengde, har no komme tilbake til Noreg. No er berre eit fåtal elevar igjen i utlandet. Det blir jobba med heimreise dei aller nærmaste dagane for desse elevane, seier Asheim.

Karantene på internat

Ein del elevar, som nyleg kom heim frå utlandet, sit no i karantene på ulike folkehøgskuleinternat. Nokre elevar er også framleis på internata fordi dei kjem frå eit land utanfor Norden.

– Det vert no drive full folkehøgskuleundervisning digitalt. Det er sjølvsagt ei uvisse knytt til når elevane kan komme tilbake til folkehøgskulane, men både elevar og tilsette gler seg til det skal skje. Blir dette ein langvarig situasjon vil det sjølvsagt komme fleire utfordringar også for folkehøgskulane, seier Marit Asheim.

F.v. Emilie Vang, Gaute Wiik, Stian Sørensen og femannskolektivet med Inger-Johanne Jørstad. Foto: Privat