Folkehøgskuleelevar får kraftig auke i studiestøtte

Studiestøtta til folkehøgskuleelevar blir auka med 10 prosent for skuleåret 2024/2025.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Vi er svært glade for at studiestøtta aukar frå neste skuleår. No får endå fleire høve til å velja folkehøgskule, seier dagleg leiar i Informasjonskontoret for folkehøgskulen Dorte Birch, i ei pressemelding.

I budsjettforliket vart regjeringspartia og Sosialistisk Venstreparti (SV) samde om å auke studielånet med ti prosent, noko som utgjer 12.537 kroner meir enn studiestøtta i 2023.

Hausten 2024 vil ein folkehøgskuleelev kunne få 137.907 kroner i lån og stipend frå Lånekassen.

Auken i studiestøtte vil føre til at over halvparten av alle folkehøgskulelinjene vil bli dekt av studiestøtta.

– Dette viser at styresmaktene anerkjenner viktigheita av folkehøgskulane, seier Birch.

Dagleg leiar i Informasjonskontoret for folkehøgskolen Dorte Birch. | Foto: Svein Finneide / NPK