Elevorganisasjonen sin nye leiar: – Eksamen er utdatert og urettferdig
Tidleg i mars vart Kristin Schultz samrøystes vald til ny leiar i Elevorganisasjonen. 19-åringen tek til i vervet 1. juli.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Heile oppveksten min har eg vore den typen som var først opp med handa når vi skulle velje elevrådsrepresentant for klassa, fortel Kristin Schultz på e-post til Framtida.no.
I starten var det mest fordi ho då fekk ete pizza med dei eldre elevane, men etterkvart byrja Schultz å leggje merke til urettferda som skjedde rundt ho:
– Då følte eg ein trang til å gjere noko med det, og plutseleg fekk engasjementet mitt meir meining.
Til sommaren tek 19-åringen over som leiar av Elevorganisasjonen, når Alida D’Agostino takkar for seg.
– Eksamen er utdatert og urettferdig
I desse dager har Kristin Schultz heimekontor i Svolvær, der ho vart sett i karantene med ein gong sidan ho hadde vore sør for Dovre.
– Det er ein vanskeleg situasjon for alle, så no er det viktigare enn nokosinne at vi står saman om å løyse dei utfordringane vi står overfor, fortel 19-åringen.
Skular over heile landet er framleis stengde for å hindre smitte av koronaviruset, og Schultz fortel at ei av dei viktigaste oppgåvene for Elevorganisasjonen vert å sørgje for at dette ikkje får for store konsekvensar for elevane.
– Akkurat no er Noreg i ein unntakstilstand, og skulle dette verte langvarig så vil vi bruke mykje tid på å sikre at elevar får kvalitetsundervisning og gode vurderingar, slik at dei endar opp med vitnemål dei kjenner seg igjen i.
Samstundes fortel den påtroppande leiaren at 2020 byr på mange spennande saker for Elevorganisasjonen. Dei skal delta i diskusjonar om fleire interessante NOUar, men den største saka er nok at dagens eksamenordning skal verte revidert:
– Eksamen er ei utdatert og urettferdig vurderingsform som har vorte brukt i norsk skule sidan foreldra våre gjekk der, så det var på tide at vi tok opp diskusjonen igjen!
- Les også meiningsinnlegg om eksamen: – Denne eldgamle vondskapen har i alle år dømt eleven på dårlege grunnlag
Elevane sitt talerør mot makta
Kristin Schultz fortel at så lenge skulerelevante saker vert diskuterte i politikken, så vil det vere behov for ein elevorganisasjon som talar elevane og lærlingane si sak:
– Elevorganisasjonen er elevane og lærlingane sitt einaste talerør opp til makta i Noreg. Det er vi som går på skulen og som kjenner den best, og då er det viktig at vi står saman slik at vi vert høyrde i saker som omhandlar oss.
Det viktig at vi står saman slik at vi vert høyrde i saker som omhandlar oss
Elevorganinsasjonen er på sitt beste når dei lever opp til målet om å vere ein organisasjon av, med og for elevar, seier Schultz, og legg til at dette er noko ho har tenkt å arbeide mot:
– Som leiar vil eg sørgje for at det ikkje berre er eg som er på jobb når vi skal kjempe kampane våre, men at heile elevrørsla går til verks.
Ta ungdom på alvor
– Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar?
– På landsmøtet vedtok vi tre politiske prioriteringar! Denne perioden skal vi jobbe for at elevar skal få ein rett til å gjennomføre vidaregåande opplæring, at ungdomsskulen skal verte meir framtidsretta med større fokus på digitalisering og elevdemokrati, og at yrkesfagselevar og lærlingar skal få ei utdanning som rustar dei til morgondagens arbeidsmarknad.
– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom når fram til dei som styrer?
– Det er viktig at vi rustar ungdommar til å verte aktive samfunnsborgarar. No får vi inn demokrati og medborgarskap som eit gjennomgåande tema i skulen, så då må vi berre sikre at ungdommane har gode arenaar for medverknad, kor dei vert tekne på alvor når dei ynskjer å ta del i samfunnsdebatten.
- Les også om kvardagen på den andre sida av kateteret: – Var det ein ting eg var sikker på, så var det at eg ikkje skulle jobbe i ungdomsskulen, fortel ungdomsskulelærar Fredrik (34)
Drøymer om ein skule som fremjar motivasjon og lærelyst
Den påtroppande leiaren fortel at hennar personlege hjartesak er at elevar og lærlingar skal få ein rett til å gjennomføre vidaregåande opplæring:
– Dei aller fleste vil nok ikkje merke noko til det, men for enkelte elevgrupper kan det vere avgjerande for om dei kjem seg gjennom opplæringa. Desse føler eg eit ekstra sterkt behov for å kjempe for.
– Kva er idealskulen?
– Draumeskulen min er ein skule kor elevane sjølv bestemmer korleis dei lærer best. Der elevane får vere med på å forme sin eigen skulekvardag, og kor dei får mogelegheita til å utvikle seg sjølv og dyrke sine interesser. Det skal vere ein skule elevane gler seg til å reise til, og som fremjar motivasjon og lærelyst.
- Les også saka om digitale læremiddel i heimeskule: Målrørsla reagerer på at nynorske elevar blir tvinga til å bruka bokmål
Kristin Schultz
Alder: 19 år
Kvar kjem du frå: Lysets by, Svolvær i Lofoten <3
Yrke: Frå 1. juli er eg leiar av Elevorganisasjonen!!!
Favorittfag på skulen: På grunnskulen var det matematikk og engelsk! På vidaregåande fekk eg meir sansen for politikk og menneskerettar og samfunnsfagleg engelsk.
Ulike verv du har/hatt: Har hatt litt ymse verv i Elevorganisasjonen, og så har eg vore mykje engasjert i ungdomsråd både i kommune og fylke.
Kva organisasjonar/parti er/har du vore medlem i: Ingen til no! Har vore partipolitisk uavhengig, så får vi sjå kva eg gjer etter eg er ferdig i Elevorganisasjonen.
Kva gjer du i fritida/hobby: Var med på den årlege musikalen i Svolvær frå eg var 12 til eg var 17 år, og har også gått på teater heile barndommen. Er veldig glad i å synge, men med ein litt travel kvardag for tida, vert det for det meste synging i dusjen.