«Dei kunne like godt ha spytta den jamne student i fjeset»

Erik Justus Grünert, Bergen Unge Venstre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Studentane er kanskje Noregs mest utsette økonomiske gruppe. I storbyen er deltidsstudenten død, støtte frå privat hald tilhøyrer dei privilegerte og ekstrajobben er ikkje til å kome unna for majoriteten. 

Endeleg har krisepakken til studentane kome. Det er berre så forferdeleg synd at det kun er ein farse regjeringa har lagt på bordet.

Covid-19 har sett samfunnet på pause, og det er rimeleg at enkeltindivid skal ta ein del av rekninga. Men på felles dugnad kastar ein heller ingen under bussen. Økonomiske konsekvensar som følge av pandemien har den siste månaden blottlagt korleis velferdsstaten ikkje evnar å hjelpe landet sine studentar når behovet er størst. 

No går det fire dagar fra ein får permitteringsvarsel til ein står utan inntekt i ein allereie botnskrapt studentøkonomi der ein må prioritere løn opp mot karakterar. Løysinga til regjeringen er å tilby eit litt gunstig lån. Dei kunne like ha godt spytta den jamne student i fjeset. 

Krisepakken som er lagt fram til studentane er i realiteten kun forandringar i søknadsfristar og utbetalingsdatoar. Når vi står i stormen er det i første omgang klart at politisk leiing burde ta ansvar, men situasjonen set lys på forskjellsbehandlinga studentar blir utsette for. 

Ein kan argumentere godt for at studentar skal ha andre vilkår når det kjem til dagpengeordninga, men studentar treng også eit tryggleiksnett – og ikkje kun under ein epidemi.

Mitt forslag er ei lovendring der studentar vil få rett til dagpengar ut inneverande semesteret for å unngå å avbryte pågåande utdanning.  Det er vi alle tjent med. 

Studentar betalar skatt på lik linje med alle andre og forventar ikkje all verda, men vi vil i alle fall ha til saus på nudlane.


Har du noko på hjarta om same tema eller noko anna?
Send til oss: tips(a)framtida.no