Kunnskapsministeren lovar avgangselevar eksamenssvar neste veke

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi jobbar med å avklare eksamen og fagprøvar for elevar og lærlingar og tek sikte på å kome med ei avgjerd om eksamen i neste veke, seier Melby til Budstikka.

Ho understrekar at alle elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring vil få vitnemål sjølv om eksamenar skulle bli avlyste.

– Det viktigaste for oss no er at opplæringa blir lagd opp på ein måte slik at alle kan få ein standpunktkarakter i faga sine denne våren og blir førebudde til eventuelle eksamenar, seier kunnskapsministeren vidare.

Fredag har norske skular og barnehagar vore stengde i ei veke på grunn av koronaviruspandemien. I perioden skulane er stengde, får elevar og studentar digital undervisning heime.