Raud Ungdom melder fiskeriministeren til politiet

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Dagbladet som melder dette.

Fiskeriminster Geir Inge Sivertsen (H). Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

14. februar melde Dagbladet at fiskeriministeren hadde fått etterløn som ordførar, samstundes som han jobba som statssekretær – og dimed heva to løner samstundes.

Geir Inge Sivertsen (H) var ordførar i tidlegare Lenvik kommune i Troms. Etter han hadde byrja i jobben som statssekretær i november i fjor, søkte han likevel om etterløn frå ordførarstillinga.

Han seier no at han ynskjer å betala tilbake etterløna på 120.000 kroner.

Nye Senja kommune bestemte førre veke å kreve etterløna tilbakebetalt frå Sivertsen.

Meld for bedrageri

Raud Ungdom-leiar Tobias Drevland Lund. Foto: Didrik Sten Ingebrigtsen

Tobias Drevland Lund, leiar i Raud Ungdom, har no meld fiskeriministeren til politiet og meiner han har gjort seg skuldig i bedrageri.

– Me har eit system med klassejustis. Nav-brukarar vert straffa hardt for mindre summar enn 120 000, medan Sivertsen kan berre seie unnskyld, betale tilbake, og så skal alt vere greit. Det er forskjell på Jørgen Hattemaker og kong Salomo i Noreg, og slik bør det ikkje vere, seier han til Dagbladet.

Open for mistillit

Han trur meldinga vil bli lagt bort av politiet, men meiner likevel det er symbolsk viktig.

Til Framtida fortel han på telefon at han håpar det får konsekvensar.

– Det vart litt fliring bak skranken hos politiet, men eg håpar dei vil behandla det som ei vanleg melding på lik linje med alle andre. Me får sjå. Eg håpar det får konsekvensar.

– Korleis har responsen vore så langt?

– Sidan det vart kjend har det kome ein del støtte frå befolkinga. Folk føler på ein frustrasjon over at politikarar lagar lover, og ikkje følgjer dei sjølv. Det er ikkje rart at politikarforakta aukar når ein gjer slikt. Då får folk mindre tillit til politikarane, og me meiner denne tilliten må gjenopprettast.

Han fortel vidare at det ikkje er usannsynleg at ungdomspartiet tek ein prat med moderpartiet Raudt om å stilla mistillitsforslag på Stortinget.