Psykologar trur «virusfilmar» kan skape meir frykt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til NRK seier Kjøs at slike filmar likevel kan skape meir frykt, fordi handlinga i filmar ofte er overdrivne.

– Det kan skape meir frykt viss ein bruker filmen til å fordjupe seg i alt det verste som kan skje, trur han.

Les også: Ulovleg film-nedlasting får nytt liv som følgje av koronaviruset

Oppsving for virusfilmar

Stephen Soderbergh-filmen «Contagion» frå 2011 tar for seg nettopp eit virus som først blir oppdaga i Asia, og som endar opp med å ta livet av fleire millionar menneske.

I USA er 1995-filmen «Outbreak» med Dustin Hoffman den tredje mest sette filmen på Netflix, også han om eit virusutbrot – men då ebola. Han var, til liks med den ferske HBO-serien, basert på boka «The Hot Zone» av Richard Preston.

Filmen «Outbreak» frå 1995 med mellom andre Cuba Gooding Jr., Kevin Spacey og Dustin Hoffman er regissert av Wolfgang Petersen. Filmen er den tredje mest sette på Netflix no.

Filmmeldaren til filmpolitiet, Birger Vestmo, meiner det er heilt naturleg at folk søkjer til fiksjonen som kommenterer samtida, og seier til NRK:

– Det vanlegaste er jo at slike filmar blir sett på etter krisa. Men det er klart, når vi allereie har filmar som i så stor grad beskriv eit virusutbrot i samfunnet, så forstår eg at folk søkjer noko anna enn avisoverskrifter.

Bill Gates åtvara mot virus

I sosiale medium har ein Ted-talk frå 2015 , der Bill Gates seier at den neste store trusselen mot menneskja blir eit virusutbrot, no gått viralt i samband med koronapandemien, melder Indian Express. Innslaget er totalt sett 8,7 millionar gonger på YouTube, og har den illevarslande tittelen «The next outbreak? We’re not ready».