Ulovleg film-nedlasting får nytt liv som følgje av koronaviruset

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I møte med koronaviruset Covid-19 som spreier seg, er det mykje frykt og uvisse blant folk.

No ser det ut til at folk vender seg til filmar og seriar som handlar om farlege virus og pandemiar. Kanskje for å få sjå happy endings eller worst case scenarios?

Torrenting er tilbake

Thrilleren Contagion frå 2011, er eit døme på dette. Filmen handlar om eit liknande utbrot som koronaviruset.

Men med nokre år på baken er den ikkje å finna på dei ulike streaming-tenestene, og i staden har folk måtta ty til gamle, ulovlege triks for å sjå Steven Soderbergh-filmen. Det har ført til nytt liv i god, gamaldags, ulovleg torrent-nedlasting igjen.

The Verge og TorrentFreak har sett på torrent-nedlastinga av Contagion frå 1. januar – 4.mars. Før januar vart filmen lasta ned (torrenta) 200 gonger dagleg.

25. januar byksa det opp til 1500, og når viruset kom til USA var det over 18.000 nedlastingar kvar dag.

Pirat-nedlasting via streaming er mykje meir vanleg, men går ikkje an å måle i tal.

Også på topplistene av film-leige

Men det er ikkje berre ulovlege metodar som har gitt filmen fleire sjåarar. På iTunes kan ein leiga filmen, og der har den hoppa opp på topp 10-listene rundt om i verda. Før virus-utbrotet, var ikkje filmen ein gong på topp 100-lista, ifølgje BuzzFeed.

Skjermbilete frå GoogleTrends 13.03.20

Ser ein på Google-søk rundt om i verda, får ein også stadfesta at interessa for filmen har eksplodert. I topp tre Google-søka med «Contagion» i frå USA, finn me: «Contagion where to watch».