Dette kan du framleis få med deg i karantene – frå Louvre til Sondre Lerche

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 20.03.2020 12:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle konsertar, bokbad, lanseringar og føredrag framover er avlyste for å unngå smittespreiing.

Det tyder likevel ikkje at ein er robba for all underhaldning framover – mange har no teke eit tak i den kulturelle dugnaden og strøymer arrangement!

Dette kan du framleis få med deg, sjølv i karantene og med godt over meir enn éin meter avstand til næraste menneske: 

?Konsertar

Den virituelle konsertstaden Brakkesyke vart starta i hui og hast av Geir Ramstad Sletvold, Eivind Eide Skaufjord og musikar Filip Roshauw i midten av førre veke.

Idéen er enkel: Du kan ikkje gå på konsertar, så konserten kjem heim til deg.

– Eg skjønar at ting er tight over heile linja, og at mange av dei som er i målgruppa for denne ideen også er ramma av dei same økonomiske realitetane som dei som etterkvart spelar. Men eg håpar likevel det kan inspirere til ei viss gjevarglede hjå nokre – eller at ein deler konsertar ein likar vidare til andre og så vidare, skriv initiativtakarane på Facebook.

Her kan du sjå opptak frå Egil Olsen-konserten som vart strøyma: 

Desse konsertane kan du følgje den neste veka:

17. mars:

18. mars:

19. mars:

20. mars:

21. mars:

Du kan sjå opptak av tidlegare konsertar, og halde deg oppdatert på kva som kjem, på Facebooksida til Brakkesyke.

? Litteratur

18. mars:

19. mars:

Følg også med på Litteraturhuset i Oslo sine Facebook-sider, då dei har annonsert at dei kjem til å strøyme forfattarsamtalar, føredrag og andre arrangement den komande tida.

?Kunst

Det er ikkje berre samtalar og konsertar ein kan følgje med på frå sofaen heime – ein kan også gå på kunstmuseum!

Det verdskjende franske museet Louvre har faktisk digitale omvisingar! Visste du at Louvre opphaveleg var ein festning bygd på slutten av 1100-talet? På nettstaden til museet kan du sjå restane av vollgrava! Eller vil du heller sjå egyptiske antikvitetar eller Galerie d’Apollon? Då er det berre å slå seg laus.

Her er nokre av dei andre kunstmusea du kan utforske utan å bevege deg ein meter:

Men det er ikkje berre utanlandske museum du kan vitje heimanfrå, også nokre norske utstillingar og verk er tilgjengelege digitalt.

Henie Onstad Kunstsenter har laga ein video der dei syner fram utstillinga Picasso 347, sidan dei no ikkje kan opne dørene for å la publikum sjå bileta på nært hald. Dersom du treng litt Munch i kvardagen, så kan du få det på nett òg!

?Museum

I tillegg kan du boltre deg i det nesten endelause arkivet til Digitalt Museum!

Der kan du vitje folkemuseum og historiske bygg landet rundt, og glimte på dei spennande samlingane.

Kven er vel ikkje nysgjerrig på kva som gøymde seg i heimen til Bjørnstjerne Bjørnson? Eller er Fotballmuseet meir di greie? Eller vil du sjå på nydelege gamle bunadar (som du no kanskje får tid til å sy)?

Du kan også ta ein digital tur i Smithsonian National Museum of Natural History. Eller utforske dei digitale utstillingane hjå The National Women’s History Museum. Eller vil du heller vandre gjennom The British Museum?

 

Og dette er berre toppen av den kulturelle kransekaka.

Google har nemleg gått saman med museum og galleri verda over i Google Art Project. Målet er å gjere samlingane deira meir tilgjengelege, utan at du treng vere der. På nettsida kan du utforske tallause museum og sjå endelaust med samlingar. Her er lista over alle Google samarbeidar med.

Om du får nok av kultur og historie, så kan du alltids vitje Akvariet i Bergen gjennom skjermen!