Korona, kunst og krise: – Tenk deg om før du ber om pengane tilbake


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Onsdag kveld skjønte eg at dei kom til å stenge ned Oslo, så eg bestilte ein siste-liten flybillett heim til Haugesund torsdag morgon. Tanken var eigentleg at dersom eg skulle jobbe frå heimekontor, så ville eg heller gjere det i eit hus på 200 kvadrat enn i hybelen på 18, kor åtte av dei er badet mitt. 

Dessutan har eg sett for mange apokalypsefilmar til å vert verande i ein hovudstad i eit tilfelle som dette. Eg måtte vekk, så eg tok eit fly ved morgongry. 

Eg har sett for mange apokalypsefilmar til å vert verande i ein hovudstad i eit tilfelle som dette

No må det seiast at det var nærmast tomt på Gardermoen. Eg kjende meg ganske dum som våga meg bort der, fordi det var omtrent berre eg og ein liten haug med solbrente syden-boomers. Dei dømmande blikka eg fekk med kofferten min gjennom Jernbanetorget var vonde, og det blei ikkje betre på flyplassen. Eg tenkte «herregud så dum du er som reiser no» om alle eg såg, og dei såg på meg og tenkte nett det same.

Vanlegvis går eg på skulen to dagar i veka, og resten av tida jobber eg heime med freelance-oppdrag. Eg er hovudsakleg teikneserieskapar, designar, skribent og illustratør. Det gjer at eg eigentleg er så vand med å jobbe på heimekontor at tilstanden no berre er kvardagen min, men med eit betydeleg krydderdryss av panikk. 

Koronaviruset er forferdeleg, sjølvsagt fordi folk blir sjuke, sjølvsagt fordi folk blir redde, men det er ein ting til. Kulturlivet er sterkt trua. 

Bransjen min ligg litt i grus no, og det er vondt å sjå. Kunstnarar, musikarar, dansarar og skodespelarar får førestillingane sine avlyste, og festivalutviklare og arrangørar er trua med konkursar. Personleg skulle eg jobbe på fleire arrangement med workshops den neste tida, men alt har blitt avlyst. Eg har tapt rundt 20.000 kroner. 

Bransjen min ligg litt i grus no

MEN! Det er sjølvsagt ikkje meg det er verst for, fordi eg er student. Eg får Lånekassenpengar som betalar leiga mi, og eg har ikkje barn eller noko lån å betale ned på enno. Dette er verst for dei som jobbar som utøvarar og arrangørar på fulltid – dei som er fullstendig avhengige av honorar og inntekter som kjem underveis. 

Det er verst for dei som er indie-kunstnarar, altså dei som jobbar utan forlag, plateselskap og liknande. Og så er det ille for alle andre. 

Tenk deg om før du ber om pengane tilbake for billettar til kulturelle arrangement. Denne Facebook-statusen oppsummerar det veldig bra:

Det som har skjedd er at artistar, lyd og lys-teknikarar og andre som er med på å gi deg kulturtilbodet du har hatt fram til no, har mista eit halvt års inntekt på eit par dagar. Mange i denne bransjen tener inn årslønna si i hektiske somarmånedar, og så brukar dei av den lønna resten av året. Berre tenk på alle som er på jobb når du er på eit kulturelt arrangement, uansett kva det er!

Lyd og lys, kostymedesignarar, skodespelarar, dansarar, regissørar, bookarar, konsertarrangørar, workshop- og kurshaldarar, cateringbyrå – lista er lang. Og alle er no utsette for harde tider som resulterer i økonomisk usikkerheit og etter kvart konkursar. 

Som eg óg såg nokon skrive, så har det vore musikarar, arrangørar og kulturbransjen som har stilt opp til tallause velgjerdskonsertar, og no treng bransjen litt velgjerd tilbake i ei tøff tid. 

Bilete er lånt frå magasinet Altså.

Så kjøp gjerne det albumet du høyrer på, kjøp den boka og kjøp det spelet. Om du ikkje vil kjøpe ting, så stream i veg! Be om at norsk musikk vert spelt på radio, ikkje be om pengane tilbake fra avlyste konsertar/arrangement, gjer det som må til for å redde dei sjølvstendige i kvardagen din!

Vi må halde kulturen vår oppe, fordi vi må ta vare på både den fysiske og den psykiske helsa vår i dette. 

Kulturen er det kom kjem til å underhalde deg, og få tida til å gå dei neste vekene, så la det verte synleg for kunstnarane også.