Mari Hansen
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har framleis timar tre gonger i veka og må framleis levera to songar i veka, slik som før. Det er like mange låtar som kjem ut, men det er sjølvsagt litt amputert, seier Siri Elton på telefon til Framtida.no.

20-åringen frå Odda går på musikarskulen Limpi (Lillehammer Institute of Music Production and Industries). Den eittårige utdanninga er støtta av lånekassen og tek sikte på å skapa framtidas artistar låtskrivarar og produsentar. 

Der har Elton fått jobbe med verdskjende mentorar som mellom anna har arbeidd med artistar som Beyoncé, Rihanna, Gabrielle og Kristian Kristiansen.

Få tips til musikk i musikkdagboka!

Siri Elton var i studio kvar einaste dag frå morgon til sein kveld før koronapandemien. Foto: Jazara Hutton

Trangt nålauge

– Eg høyrde om skulen i fjor, men då var den så ny at eg ikkje våga søkje. Eg visste ikkje kva eg gjekk til, seier Siri Elton.

Men skulen fekk god respons og Siri vart tilrådd å søkja av tidlegare studentar.

– Då eg fekk høyra kor mange som kom inn, fekk eg sjokk. Eg trudde aldri at eg ville koma inn. Det var ei stor glede då eg vart ein av 48 som kom inn av kring 1450 søkjarar, fortel Elton.

– Langt i frå slik det var

20-åringen hadde vendt seg til eit høgt arbeidstempo med mykje studiotid og høgt produksjonsnivå, men så kom koronapandemien.

– Me kunne ikkje nytte studioa, eller noko av det me har nytta fram til no. Men skulen har vore kjempeflinke og gjeve ut studioutstyr til alle elevane, slik at alle kunne ha studio heime. Dei har òg ordna undervisningsopplegg over nett, så mykje som råd.

I tillegg har Siri Elton kasta seg på den digitale kulturbølgja og og delteke på mora sitt arrangement Oddakonsertane som vart livestreama:

Koronaarbeid

No har dei opna skulen for to og to saman i kvart studio. 

– Me får ikkje sett alle saman. Det er langt i frå slik det var, fortel ho.

Siri bur med tre andre artistar og to produsentar, i etasjen under. Dei har jobba mykje saman i denne tida. 

– Det har vore veldig nyttig for oss og eg har vore veldig heldig der.

Hundre låtar for kvar hit?

På skulen har Elton lært om korleis musikkbransjen fungerer, og korleis best mogeleg nytta sosiale medium for å nå ut, fortel ho.

Også før ho byrja på skulen tenkte 20-åringen kreativt om promotering, som den gongen ho stogga folk på gata for å spele låta si for dei:

Les også: Siri spelte låta si for framande på gata: – Trist at det ikkje er nok å vera flink

Limpi knyter til seg kjende artistar, låtskrivarar og produsentar. Dei fortel om bransjen og gir tilbakemelding på låtane studentane lagar.

– Kvar veke skal me laga ein song av så høg kvalitet at me har tru på at den kan slå igjennom, seier Elton om kvardagen før korona.

Elton har skreve 40-50 låtar sidan ho starta på skulen til seg sjølv, men berre 3-4 som ho kan vurdera å gje ut. 

– Det er nok slik som dei seier, at ein må skriva hundre før ein finn den eine å gje ut. Målet er å gje ut musikk før 2020 er over.

Siri Elton i studio på Limpi.

Siri Elton drøymer om eit liv i Los Angeles, og går no på artistskule på Lillehammer. Ho har vore heldig, det var mange om beinet for å koma inn på skulen. Foto: privat

USA-draumen på vent

Men Elton har endra innstilling og tek det litt meir med ro etter koronapandemien. Planen var USA. Ein stor draum. 

– Eg har ikkje noko hast med noko ting. Eg vil berre at alt skal verta skikkeleg. Tenka langsiktig og klara å byggja opp ei karriere.

Siri hadde planlagt å reise til USA neste år, men den planen er endra no.

– No vert det Oslo neste år. Dei fleste frå Limpi skal til Oslo, dei òg. Det vert kjempekjekt. Sjølvsagt er det grunna korona planane er endra, men eg kjenner at eg er litt letta over at eg vart heime eitt år til. Eg kan fokusera på å byggja opp noko her fyrst, fortel ho.

Marthe Valle

Marthe Valle meiner artistar har eit ytringsansvar. Foto: Jens Kristian Mørkeby Rimau

Fakta

  • LIMPI (Lillehammer Institute of Music Production and Industries) er ein privat høgskole.
  • På LIMPI kan du ta eit eittårig, intensivt og utdanningsprogram for artistar, låtskrivarar og produsentar.
  • Skulen rekrutterer talent frå Noreg og utlandet og har plass til til saman 48 studentar.
  • Studentane har rett på støtte frå Statens lånekasse og kvalifiserer til 60 studiepong.