Siri Elton (19) har eit stort ynskje om å slå igjennom som artist og bruker Youtube for å promotera seg sjølv.

Mari Hansen
Publisert
Oppdatert 04.05.2020 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er så sinnsjukt mange som er flinke, og for å få merksemd for musikken sin så må ein finne på nye ting. Eg likar å finne på nye ting og er heldigvis ikkje redd for dumme meg ut, fortel Siri Elton til Framtida.no.

19-åringen valde ein utradisjonell måte å promotera den nye singelen sin, «Running without me». For nokre veker sidan drog ho ut i Oslos gater, der stoppa ho tilfeldige personar og sette headset på øyra deira. Stuntet filma ho og la ut på YouTube.

– Poenget mitt var å gjera noko annleis. Sjølv om det eg gjorde kanskje kan høyrast dumt ut, er det viktig å skilja seg ut. Det er veldig trist at det ikkje er nok å vera flink lenger.

Fekk mange fine tilbakemeldingar

– Det var overraskande nok veldig gøy å gå rundt på gata, eg trudde jo ikkje at eg skulle få stoppa nokon i det heile.

Siri Elton fekk mange fine tilbakemeldingar på låten.

– Det var på ein måte ein slags sjølvtillitsboost. Vanlegvis når eg deler noko på nett, er det som oftast vener eller veners vener som høyrer på det. Men no var det vilt framande som ikkje visste kven eg var. Og eg visste i alle fall ikkje kven dei var, fortel den uredde 19-åringen.

Vil satse alt

Siri Elton gav ut to singlar før jul.

– Dei to singlane var mest for gøy, men no er eg klar. No skal eg gje alt. Berre køyra på, fortel ho ivrig.

Ho har tre år bak seg på musikklinje ved Skeisvang vidaregåande skule i Haugesund. No har ho flytta inn i leilegheita foreldra har i Oslo og er fast bestemt på å satse alt på musikken. I alle fall i nokre år framover.

Kjedebrev til toppen

Elton er ikkje åleine om å nytta utradisjonelle måtar å promotera musikken sin på. Denne veka skriv Framtida.no om Årets urørt-vinnar, som boikottar Facebook før lanseringa av si første plate.

Jon Olav har sendt ut kjedebrev med link til si eiga nettside. No satsar han på at fans og musikkelskarar sender vidare e-postar og tekstmeldingar til ni personar kvar. Det er like mange spor som på debutplata «Ung poesi».

– Eg veit at dei som melder seg på vil høyre albumet. Det er ein meir real måte – ein meir personleg måte å nå folk, seier ørstingen.

Kjedebrevet må gå mange runder om Jon Olav skal nå målet sitt om 150 000 avspelingar på sleppdagen 14. september. Det er likevel ikkje hovudpoenget.

– Eg ønskjer sjølvsagt å nå målet, men det er ikkje det viktigaste. Eg likar å gjere ting som har ei meining, ikkje berre for å byggje opp meg sjølv.

Wolfgang Wee er konstituert musikksjef i P3. Foto: P3

Flaks og hard jobbing

Framtida.no har snakka med konstituert musikksjefen i P3, Wolfgang Wee om kva han ser etter i ein artist.

– Når det kjem til radio er vi alltid meir interessert i låten enn artisten. Og for å liste ein låt i radioen, må vi ha ei sterk kjensle og eller gode indikasjonar på at dette er noko vårt publikum kan kome til å like, uttalar Wee.

– Kva skal til for å slå gjennom?

– A) Flaks + hard jobbing

– B) Skape ein superhit, skriv den konstituerte musikksjefen i P3 i ein epost til Framtida.no.