Til vanleg er det 50 søk i året på ordet pandemi – onsdag var det 40.000

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Stavanger Aftenblad.

– Folk er veldig opptatt av dette av forståelege grunnar. Oppgåva vår er først og fremst å gi folk bakgrunnsinformasjon og historikk, og vi mobiliserer det vi har av fagfolk for å oppdatere søkjeord som folk er ekstra opptatte av no. Vi overlèt til helsemyndigheitene å gi informasjon om råd, karantene og kva folk bør gjere no, seier sjefredaktør Erik Bolstad i Store norske leksikon til Aftenbladet.

Også andre beslekta ord har blitt mykje søkt på den siste tida. Den siste veka har spanskesjuka blitt søkt på 84.000 gonger og svartedauden er søkt på 70.000 gonger. Andre populære søkjeord er virus, koronavirus, SARS, svineinfluensa og epidemi.