Marie Aubert fekk Ungdommens kritikarpris 2020

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er veldig glad og stolt! Det er så stas å bli valt ut blant dei mange gode bøkene som var nominert i år, seier Marie Aubert i ei pressemelding frå Foreningen !les.

Ho fekk Ungdommens kritikarpris for boka Voksne mennesker. 

Som følgje av dei nye retningslinjene frå Folkehelseinstituttet avlyste Foreningen !les utdelinga av Ungdommens kritikarpris på Sentralen i Oslo, som skulle arrangerast tysdag 10. mars.

I den opphavelege utdelinga skulle juryklassar og lærarar frå fleire stader i landet delta. I staden vart utdelinga flytta til Bleiker videregående skole i Asker, der Marcus Frey og Alva Moos Opseth frå elevjuryen delte ut prisen i går.

180 unge kritikarar

Ungdommens kritikarpris er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Utdanningsforbundet, Norsk Kritikerlag og Den norske Forleggerforeningen.

180 elevar frå sju juryklasser i vidaregåande skule har dei siste fire månadane lest og diskutert åtte norske skjønnlitterære bøker utgitt i 2019, nominert av ein jury frå Norsk kritikerlag.

Dei nominerte var:

Hvor lenge varer vi av Mari Andreassen (Cappelen Damm)

Voksne mennesker av Marie Aubert (Oktober)

Vi er fem av Matias Faldbakken (Oktober)

Det andre namnet. Septologien I-II av Jon Fosse (Samlaget)

Svamp av Morten Langeland (Flamme)

Hvit hare, grå hare, svart av Øyvind Rimbereid (Gyldendal)

Bergverket av Ingvild Schade (Cappelen Damm)

Mødre og døtre av Tiril Broch Aakre (Flamme) 

Mållause av Fosse

Prosjektleiar for Ungdommens kritikerpris i Foreningen !les, Bjarte Bakken, synest det er interessant korleis gamle ringrevar og nye stemmer vert lese like uanstrengt og kritisk av juryen.

– I år har det vore spesielt korleis alle bøkene har blitt elska av nokon. Fleire har blitt heilt mållause etter å ha lese Fosse og Rimbereid, medan debutant Andreassen og Aubert sine bøker har gitt fleire ungdommar deira første betydningsfulle litterære oppleving.

Marie Aubert har tidlegare gitt ut novellesamlinga «Kan jeg bli med deg hjem» på forlaget Oktober og romandebuterte i fjor med «Voksne mennesker». Foto: Agnethe Brun, Forlaget Oktober

Usympatisk hovudperson

Elevjuryen meinte vinnarromanen Voksne mennesker har ein god flow med spanande karakterar. Vidare skriv juryen i grunngjevinga:

«Hovedpersonen kan oppfattes som usympatisk og frekk, men vi får medfølelse fordi hovedpersonen handler ut ifra gjenkjennelige følelser for oss som ungdommer. Hovedpersonen ønsker å bli sett, og lengter etter kjærlighet. Den viser fram mørke sider av typiske familierelasjoner, og hvordan mangel på omsorg får fram irritasjon og sjalusi i et menneske. Det føles ekte. Likevel er det ikke bare en dyster bok, men en bok som også får fram en god latter.»

Prisvinnar: – Høgthengande og viktig pris

Marie Aubert er strålande nøgd med å bli valt ut av dei unge kritikarane:

– Ungdommens kritikerpris er en høgthengande og viktig pris. Det er også gøy å sjå at Voksne mennesker treffer lesarar som ikkje står i same livskrise som hovudpersonen Ida, men kjenner seg att i boka likevel, sier forfattaren.

Allereie som 20-åring romandebuterte Maria Navarro Skaranger. No får ho Bjørnsonstipendet som går til eit lovande forfattarskap. Foto: Pernille Marie Walvik