Populær DNA-test kan vere lovstridig

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire tusen nordmenn har frivillig sendt DNA-et sitt til ulike selskap som lovar å kunne fortelje alt frå kvar ein opphavleg kjem frå, til kva slags sjukdommar ein kan få i framtida.

Meld for brot på norsk lov

No er det israelske MyHeritage meldt til Datatilsynet og Forbrukartilsynet for brot på norsk lov. Grunnen er brukarvilkåra til selskapet, fortel NRK.

– Dei er umoglege å tyde for deg og meg, dei er så svære som ei 200 siders bok. Du må vere lege eller advokat, eller helst begge delar, for å forstå dette, seier direktøren i Forbrukarrådet, Inger Lise Blyverket, til NRK.

Frykta er at DNA-informasjon hamnar på ville vegar.

I ein e-post til NRK skriv pressesjefen for MyHeritage, Rafi Mendelsohn:

«Vi beskriver tydelig hva slags data vi samler og hva vi benytter det til. Andre påstander som hevder det motsatte er falske. Våre kunders tillit er kritisk for vår suksess og vi har aldri misbrukt det.»

Dei skriv vidare at norske forbrukarar kan stole på at dei ikkje no eller nokon gong i framtida vil dele DNA-informasjonen deira.

– Kan ikkje stole på det som står

Men Forbrukarrådet viser på si side til ei setning i vilkåra, som tilsynelatande seier det motsette: «MyHeritage kommer aldri til å oppgi noen av dine persondata med unntak av i svært begrensede tilfeller som nemnt nedenfor», følgt av fire avsnitt med unntak som spenner vidt.

– Desse brukarvilkåra er berre rot, og ein kan rett og slett ikkje stole på det som står, meiner Blyverket.

Born snakkar med forskaren, Nick Goldman, ved laboratoriet i Cambridge i England. Foto: UNICEF Norge